Den norske kirke

Tida leger ikkje alle sår

22. JULI: Er det mogleg å vere upolitisk på minnedagen for 22. juli? For mange av oss er svaret: Nei, det går ikkje an.

Preike i Oslo Domkirke 22. juli 2021. Tekst Matt 5, 1—16.

Fred vere med dykk!

I dag er det ti år sidan. Ti år sidan den dagen og den helga der alle i Norge veit nøyaktig kor dei var og kva vi gjorde. Ein dato som har blitt eit begrep på høgreekstrem terror og på målretta vondskap. 77 menneske blei drepne, og mange, mange slit stadig med sår i kroppen og på sjela, i dag ti år etter. Pårørande og etterlatne har reagert på det forferdelege som skjedde på ulike måtar.

Kari Veiteberg fotografert for Vårt Land Forlag ifb. med ny bok der hun besvarer spørsmål hun har fått fra ungdom

Sorga gjer ulike ting med oss

For nokre er det meiningsfullt å bruke denne minnedagen til å fortelje historier og sjå på bilde. For andre er det stadig så vondt at dei helst vil lukke augo, halde for øyro og håpe at også denne minnedagen går over. Sorga gjer ulike ting med oss. Det vi alle veit, er at det ikkje er sant at tida legar alle sår. Ho gjer ikkje det. Det er derfor vi samlast i dag. Takk for at de er saman med oss, enten her i kyrkja eller rundt fjernsynsskjermen!

For ti år sida fekk mange av oss eit fysisk behov for å gjere noko for å vise solidaritet. Mange drog hit til domkyrkja, gjekk inn, tente lys — og mange, mange sette blomster utanfor kyrkja. På denne måten blei også denne staden ein minnestad.

Sorga gjer ulike ting med oss. Det vi alle veit, er at det ikkje er sant at tida leger alle sår.

Bronsedørene inn til kyrkja danna bakteppe for blomsterhavet. Har de sett kva som er på dei? Det er åtte graveringar av menneske i ulike situasjonar, og teksten er henta frå opninga på Bergpreika: Salige, blessed på engelsk, er de som sørger, de som hungrar og tørstar etter rettferd, de barmhjertige, de forfølgde og de som skapar fred. Jesus opnar Bergpreika med å opne Guds rike for alle, men med særleg auge for dei som lid, dei som sørger og dei som kjemper for rettferd og fred.

Mangfald av måtar å møte det vonde i livet på

Jesu ord, som kunstnaren Dagfin Werenskiold prega inn i kyrkjedørene, opnar for ulike menneskelege måtar å møte vondskap og himmelropande urettferd og liding på. Både for å sørge og minnest alle enkeltmenneska som blei drepne og såra, og for å kjempe vidare mot alt det som stadig truer: mot global urettferd, mot krig og vald, og mot rasisme og hat mot kvinner og skeive.

Kyrkjedørene opnar opp for eit sant mangfald av måtar å møte det vonde i livet på.

Det bør også vi som fellesskap og samfunn gjere. Skal vi ta vare på vårt menneskeverd, er både sorg og kamp nødvendig. Etter saligprisingane seier Jesus at dei som høyrer er jordas salt og verdas lys. Vi treng å sjå lys for å vite kor vi er, vi treng å få auge på og å minnest lyset som strålar ut frå andre menneske. Takk til dei av dykk som har vore og er lys!

Eg trur vi alle kan sjå for oss ein eller ei som har vist veg og lyst opp desse åra. Dei orda nett då, den teksten, dei filmane, den songen, det varmande blikket!

Kroppen treng salt og salt er nødvendig for at maten ikkje skal bli bederva. Salt kan få noko til å vare og også svi på kroppen og sette smak på maten og på tårene vi gret.

Jesus prisar dei som blir forfølgt for å kjempe for rettferd

Jesus prisar dei som blir forfølgt og mobba for å kjempe for rettferd. Og han viser til at slik blei også profetane forfølgde og håna. Fleire forbind «profet» først og fremst med folk som kan sjå inn i framtida. Men dei Jesus viser til, profetane i den hebraiske bibelen, var menneske som såg samtida med klåre auge og som sette ord, av og til krasse og ramsalte ord, på det som trua livet. Profeten Amos vender seg med sviande ord mot dei trakkar ned småkårsfolk, dei korrupte og dei rike som ikkje deler, men tvert om avviser fattige.

I ein viktig tale frå ein profet frå nyare tid som også blei forfølgd og drepne, borgarrettskjemparen og antirasisten Martin Luther King jr., gjer han ord frå profeten Amos til sine og som ord retta til si samtid: «Lat rett vella fram som vatn / og rettferd lik bekker som alltid strøymer.»

Er det mulig å vere upolitisk på denne minnedagen for 22. juli? For mange av oss, er svaret: Nei, det går ikkje an.

—  Kari Veiteberg

Profetar er like nødvendige som vatn, lys og salt. Vi treng stadig profetiske stemmer i kyrkja og i samfunnet. Kyrkja og vi er kalla til å vere både lys og salt. Vi skal både gi tilflukt, asyl, kjempe for rettferd og gi meir himmel på jord. Det profetiske fører ofte til at kyrkja blir skulda for å vere politisk. Til det er det berre å seie: Er det mogleg å vere upolitisk på denne minnedagen for 22. juli? For mange av oss, er svaret: Nei, det går ikkje an.

For nokre av oss må heve stemma. Takk til alle de som gjer det! De med sterk og svak og ikkje-tru. De frå ulike trus- og livssyn som tek avstand frå hat, vald og vondskap, trass i flaumen av hatmeldingar og trakassering som de risikerer å få.

Kari Veiteberg fotografert for Vårt Land Forlag ifb. med ny bok der hun besvarer spørsmål hun har fått fra ungdom

Vondskapen kom ikkje utanfrå

Vondskap og hat blir vi ikkje kvitt. Men vi kan òg måtte ta avstand og snakke sant om vondskapen. For ti år sidan kom ikkje vondskapen utanfrå. For ti år sidan kom vondskapen til syne som ein som ville redde Norge og Vest-Europa frå kulturmarxistisk og muslimsk overtaking. Og som ville påføre Arbeidarpartiet størst mogleg tap, ved å drepe ungdommen.

For ti år sidan kom ikkje vondskapen utanfrå. For ti år sidan kom vondskapen til syne som ein som ville redde Norge og Vest-Europa frå kulturmarxistisk og muslimsk overtaking.

Eg står her som biskop i Den norske kyrkja. Kristendommar finst i mange ulike utgåver, både i og utanfor kyrkja. I høgrenasjonalistiske rørsler blir kristendom ofte brukt for å markere grenser, ja krossen blir løfta opp for å markere grenser mot «dei andre». Mange av desse rørslene er antisemittiske. Fleire av dei spreier også fiendebilde av muslimar, sosialistar og feministar.

Krossen er tvitydig. Eg ber krossen fordi eg trur på Jesu Kristus. Jesus som korkje var europisk eller kvit, kom med kjærleik og fred. Tidlegare biskop i Stockholm Krister Stendahl, har lært meg følgjande: «La den andre få definere seg sjølv! Samanlikn ikkje det verste i den andres tradisjon med det beste i din eigen.»

Å vere profetisk er å sjå og sette ord på det som er no. Både det som trugar livet, men også å sjå og sette pris på alt det positive som veks fram. Etter terrorangrep mot jødar i Paris og København tok muslimske ungdommar initiativ til å danne fredens ring rundt synagogen i Oslo. Etter angrepet mot muslimar i Christchurch i New Zealand danna mange kristne og folk frå andre livssyn ringar rundt moskear under overskrifta #prayinpeace (#tryggibønn.)

Jesus som korkje var europisk eller kvit, kom med kjærleik og fred.

I Oslo arrangerte Samarbeidsrådet for tros -og livssyn #tryggibønn utanfor Islamic Cultural Centre (ICC). Humanetikarar, jødar, buddhistar og hinduar var representert, og dei heldt vakt utanfor moskeen mens muslimar samla seg til fredagsbøn. Det same skjedde rundt moskear etter terrorforsøket i al Noor — moskeen i Bærum i august for to år sidan.

Vi tek avstand frå hat-prat og inndelingar i «oss» og «dei»

Dette er det vi, her i Oslo domkyrkje, også markerer i dag: Vi tek avstand frå hat-prat og inndelingar i «oss» og «dei»: Samanlikn ikkje det verste i den andres tradisjon med det beste i din eigen. Lat den andre få definere seg sjølv!

Å vere profetisk er også å leite etter håp. Denne kampen om å halde motet og håpet oppe kan vi ikkje ta aleine. Vi treng kvarandre. Særleg no i ei tid der også pandemien kan føre til at gamle fiendebilde får ny næring og hat spreier seg.

Samanlikn ikkje det verste i den andres tradisjon med det beste i din eigen.

Eg ser på dykk og ser både lys og håp, trøyst og profetiske rop, ja både englar og profetar! Eg trur at håpet kan finnast der ein minst ventar det, det gjeld å greie å sjå det og ta det inn:

For there is always light, if only we’re brave enough

to see it.

If only we’re brave enough to be it. (Amanda Gorman)

Vi treng mot for å sjå det som verkeleg skjer. Mot til å setje ord på det. Mot til å sjå. Vi veit i dag på kroppen at det ikkje er sant at tida legar alle sår.

Vi veit i dag på kroppen at det ikkje er sant at tida leger alle sår.

Vi treng kvarandre

Vi treng kvarandre, og vi treng både som enkeltmenneske og samfunn meir kjærleik (også i gatene) og mot for å ikkje bli isolerte. «Ingen mann er ein øy» som det heiter i ei klok bok eg nettopp har lese om gjenoppbygginga av Utøya etter terrorhandlinga.

Antinazisten Halldis Moren Vesaas understreka denne erfaringa av å ikkje berre vere eit isolert eg, men eit vi, i eit dikt som vart skrive under krigen. Det heiter passande nok «Tung tids tale», og domkantor Kåre Nordstoga har sett ny melodi til denne oppsummeringa av ei tung tid. Lat oss høyre på diktarens ord i fred. Saman.

Det heiter ikkje: eg — no lenger. Heretter heiter det: vi.

Eig du lykka så er ho ikkje lenger

berre di.

Alt det som bror din kan ta imot

av lykka di, må du gi.


Alt du kan løfte av børa til bror din,

må du ta på deg.

Det er mange ikring deg som frys,

ver du eit bål, strål varme ifrå deg!


Hender finn hender, herd stør herd,

barm slår varmt imot barm.

Det hjelper da litt, nokre få forfrosne

at du er varm!


Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Den norske kirke