Den norske kirke

Har sett foten ned for kvinneprest-motstand: – Du kan ikkje gradbøye fellesskap. Enten så har me det, eller så har me det ikkje

NOK ER NOK: I «versting»-bispedømmet Bjørgvin får ikkje nye prestar lenger jobb dersom dei ikkje vil samarbeide med kvinnelege kollegar. Men ifølge biskopen kan han ikkje «dra motstandarane inn i kyrkja med vinsj». Finst det noko løysing som samlar?

Festplassen i Bergen ligg disig denne seine maimorgonen som hadde lovnad om strålande sol og årets snillaste temperatur. Med ein grov brødbit i den eine handa og ein varm pappkaffikopp i den andre sit prest Mari Saltkjel på ein parkbenk og samlar næring til dei dryge to timane ho har framfor seg.

I kuldegufs og syrinlukt skal ho straks reise seg, og gå brusteinsvegen mot biskop, og sjef, Halvor Nordhaugs kontor.

Presten frå Måløy i Nordfjord har kjent ekstra på at ho er kvinne dette siste året. Saltkjel har lenge visst at ho har kollegaer i bispedømmet som ikkje anerkjenner kallet hennar til teneste.

Men i løpet av ti månadar med debatt, eit bispemøtevedtak og ei arbeidsmiljøundersøking seinare, har også resten av Kyrkje-Noreg fått vite korleis det står til på Vestlandet.

Men no har noko begynt å skje i Bjørgvin.

Biskop i Bjørgvin Halvor Nordhaug og prest på Måløy i Nordfjord Mari Saltkjel.

Avtrykk av samtida

Det er nesten kunstig roleg i gangane på bispekontoret på Nordnes. Dei fleste, utanom leiargruppa, har knapt vore på den fysiske arbeidsplassen sidan mars i fjor. Men denne måndagen opnar biskop Nordhaug opp kontordørene – for alle som vil høyre. Han og Måløy-presten, feministteologen, skal drøfte korleis det går an sikre likestilling i eit område av Kyrkje-Noreg prega av sterke motpolar og eigenrådige teologar.

Saltkjel tok den første telefonen til sjefen sin. Ho hadde behov for ein statusrapport om det siste årets openberringar, og få vite kor Den norske kyrkja er på veg.

Men ho ville løfte medarbeidarsamtalen ut av nittitalskontoret inst i gangen.

– Kvifor synest du det er viktig at fleire får ta del i dette?

– Dette er ei spennande samtidsoppleving, seier Måløy-presten oppriktig.

Biskop i Bjørgvin Halvor Nordhaug og prest på Måløy i Nordfjord Mari Saltkjel.

– Desse problemstillingane gjeld ikkje berre oss her i Bjørgvin. Dei gjeld heile Den norske kyrkja. Dei gjeld tilsette og engasjerte og lokalmiljøa. Folk fortener å vite svaret på: Kor er me i kvinneprestspørsmålet i mai 2021?

– Kva forventar du av det som skal gå føre seg på kontoret no?

– Hmm. Eg håpar iallfall at Halvor og eg ikkje er så inkjeseiande at det ikkje blir ei reportasje av det, seier Saltkjel, ler, reiser seg, og går forbi dør etter dør, mot gløtta heilt der inne.

Djupe spor – også i biskopen

Frå domprost Stig Lægdene og sokneprest Mikael Bruun sine Vårt Land-innlegg i august 2020, og fram til no, har noko vesentleg forandra seg for Halvor Nordhaug, Bjørgvins øvste leiar.

På dei 12 åra han har sete på biskopkontoret, med dei blåpolstra møblane og jesusbildene på veggene, har han ikkje fått ei einaste avviksmelding om klinsjar i møtet mellom kjønn og teologi og kollegafellesskap.

Ein situasjon mellom ein kvinneprest og ein motstandar har aldri blitt til ei formell sak.

Biskopen visste om ei handfull menn som lét vere å dele nattverd eller gudstenestefellesskap med kvinner. Men sidan ingen melde noko, stod det fram det greitt løyst.

Noko lugga, det forstod han, men ikkje kor djupt problemet var. Før han i haust sette seg ned med fleire kvinner.

– Opplevingane deira av å bli tilsidesette, det å få ei kamuflert og forvirrande særbehandling, har gjort sterke inntrykk på meg. At menn har halde seg borte, at kvinner ikkje har blitt bedne om å halde andakt eller fått liturgiska funksjonar … Å ikkje vere ønskt av kollegaer har sett djupe og såre spor.

Biskop i Bjørgvin Halvor Nordhaug og prest på Måløy i Nordfjord Mari Saltkjel.

På oktobertidspunktet då alle landets biskopar samla seg i Trondheim, var kvinneprestdebatten på sitt varmaste. Teologane som ikkje ville samarbeide med kvinneprestar, og kvinnene sjølv, skreiv kronikkar og blei intervjua i massevis – ikkje berre i kristenpressa.

I Sogndal melde nær 100 personar seg ut av kyrkja i protest mot sokneprest Mikael Bruun sin høgt uttalte ståstad. Kyrkjas omdømme begynte å slå sprekker.

Bispemøtet måtte ta leiarskap, såg dei, og fatta det tydelege vedtaket med essensen:

«En prest kan ikke påberope seg en rettighet til å avstå fra samarbeid med andre prestekolleger. Det eksisterer ikke noen slik reservasjonsrett i vår kirkes ordninger».

Tilbake i Bjørgvin hadde Nordhaug med seg dette vedtaket i kofferten. Men vedtaket var prinsipielt, og ikkje noko landets bispedømmeråd hadde forplikta seg på i praksis.

Med den nye openberringa, av alvoret i kvinnemotstanden, la biskopen fram ei sak på Bjørgvin bispedømmeråd sitt bord. Forslaget til vedtak lydde:

«Bjørgvin bispedømmeråd ønsker å legge Bispemøtets vedtak (...) til grunn ved fremtidige ansettelser i bispedømmet».

Kort tid etter blei orda vedtatt – og til handling.

Ein liten revolusjon

– Eg er glad eg har tatt feil igjen, seier Mari Saltkjel og smilar audmjukt.

– Eg hugsar at eg sa til ein kollega i haust at «dette kjem aldri til å gå».

Med «dette» meinte ho ei løysing på knuten som reservasjon knyt mellom kollegaer. At menn som vel bort samarbeid er eit strukturelt problem, blei omsider snakka høgt om. Saltkjel erkjente det som eit framsteg.

Men i frustrasjonen hadde ho få håp om djuptgripande endringar. Dette hadde jo blitt tatt opp før.

– Men så skjedde det. Tenk det! Me såg at du, Halvor, kom tilbake frå Bispemøtet, og så skjedde det noko med ein gong.

Det stramme grepet frå bispedømmerådet blei tatt fleire månadar før Den norske kyrkja la fram dei nedslåande resultata frå ei medarbeidarundersøking blant kvinnelege prestar. Det Mari Saltkjel hadde uttrykt uro for for 12 år sidan, blei omsider anerkjent – i systemet.

Eg veit at nokon opplever dette som ein dobbelkommunikasjon

—  Biskop Halvor Nordhaug

Frå ein dag til den neste fekk menn som har teologiske samvitskvalar ved kvinnesamarbeid ein kontrabeskjed. Dersom dei hadde avtalar om å sleppe å halde nattverd i lag med ei kvinne, sleppe å la kvinner vere vikar i kyrkjelyden sin, eller sleppe deler av kollegagudstenester kor kvinner hadde liturgiske roller, så var det slutt no. I den grad det fanst ein reservasjonspraksis i Den norske kyrkja, skulle den bort umiddelbart.

– Eg veit ikkje kvifor eg hadde ein slik mistillit til at det kunne kome endringar. Det er ei god oppleving å bli så overraska, ser Mari Saltkjel allereie.

Biskop i Bjørgvin Halvor Nordhaug og prest på Måløy i Nordfjord Mari Saltkjel.

Frå no av blir ikkje nyutdanna prestar ordinerte dersom dei har eit behov for å motsetje seg kollegafellesskap med kvinner. Om ein person med slike krav ikkje allereie er tilsett i kyrkja, og søker seg til bispedømmet, får ikkje presten jobb.

– Dei prestane som allereie er tilsett hos oss, men som ikkje vil ha fullt tenestefellesskap med kvinnelege kollegaer, har framleis tillit hos arbeidsgivar, altså biskop og bispedømmeråd. Det sjølv om dei verken ville blitt ordinerte eller tilsette om dei søkte i dag, seier Nordhaug.

– Eg veit at nokon opplever dette som ein dobbelkommunikasjon. Og det er ikkje vanskeleg å skjøne at dette kjennest krevjande, erkjenner biskopen.

– Tidene endrar seg, held han fram.

Det handlar om noko større

Dette «nye» prinsippet er djupast sett forankra teologisk, slik Bjørgvin-biskopen ser det. Det handlar om communio – fellesskapet.

– Me er prestar i den same kyrkja, som har den same trua, den same vedkjenninga, og i eit bispedømme har me same biskop. Når nattverd blir forretta, er me i fellesskap med kvarandre.

– Då går det ikkje an å seie at «ja, eg veit at eg har kvinnelege kollegaer, men eg oppfattar dei eigentleg ikkje som det, for dei skulle eigentleg ikkje vore her».

Like etter brukar biskopen formuleringa «teologisk uhaldbart» om det å avstå frå nattverd med kvinnelege prestar. Fellesskapet, og kva eit fellesskap krev av likeverd, er ein viktigare verdi.

– Dessutan opplever eg at argumentasjonen mot kvinner som prestar er bygd på ein vilkårleg skriftbruk. Den drar også med seg ein del anna tenking om underordning, som særs få står for. Sjølv mange av kvinneprestmotstandarane har ikkje nødvendigvis denne ideologien.

Biskop i Bjørgvin Halvor Nordhaug og prest på Måløy i Nordfjord Mari Saltkjel.

– Men ein ting er det strukturelle. No skal ein ikkje lenger legge til rette for dei som krev å reservere seg. Men det er jo framleis ei teologisk usemje i dette spørsmålet – og eit samvit nokon framleis opplever at dei må gå på tvers av. Sjølv med dei nye, tydelege rammene, finst jo denne teologien endå. Er ein då komen noko lenger?

Halvor Nordhaug har talen klar. Den har han framført, og argumentert med, i møte med fleire kvinneprestmotstandarar den siste tida. Spørsmålet han stiller dei, sjølv om han anerkjenner retten til å ha dette teologiske synet, er:

Kvifor er det så nødvendig å markere det?

– Det er jo ikkje den kvinnelege presten som feirar nattverd, det er Jesus. «Kom, for alt er ferdig» er Jesu eigne ord. Er ikkje kyrkjefellesskapet større enn denne usemja? Ser de ikkje at det er Herren sjølv, og ikkje Mari, som innbyr til nattverd? Ho serverer berre på vegner av Jesus, seier biskopen, og held fram:

– Eg meiner oppriktig at det ikkje finst nokon sakleg grunn til reservasjon. Eg trur det er meir symbolpolitikk. Eg har iallfall endå til gode å høyre nokre overbevisande argument.

– Også Luther «handla i tråd med eige samvit» – men han sa òg at han kunne bli overtydd ut frå skrifta eller klare argument. Så dette samvitet må utfordrast. Og det prøvar eg å gjere.

Og han har ikkje tenkt å gi seg.

– Men eg kan jo ikkje trekke dei inn i kyrkja med vinsj.

Biskop i Bjørgvin Halvor Nordhaug og prest på Måløy i Nordfjord Mari Saltkjel.

Viss ikkje med tvang – kva då?

Så der står me, ein morgon på tampen av våren 2021: Det finst ikkje lenger nokon rett for ein mannleg prest til å få unngå kollegafellesskapet. Men samvitet til desse mennene gneg fortsett idet dei skal ta imot nattverd frå ein person dei opplever er i teneste imot Guds vilje.

Finst det ei tydeleg løysing for likevel å «styre etter prinsippet full likestilling», slik biskopen ønsker?

– Ein kan jo ikkje dra folk inn i kyrkja mot deira vilje, erkjenner Nordhaug.

Men me skal markere gong på gong at dette er ein ugrei måte å handtere fellesskapet på

—  Biskop Halvor Nordhaug

I vedtaket frå Bispemøtet står det at dei som har eit slikt behov, må snakke med biskopen. Men tvangsaktige maktmiddel vil han unngå, så langt det går. Nordhaug prøver stadig og iherdig å overtale dei som vil reservere seg mot kvinnelege kollegaer til å endre praksis.

– Så langt har eg ikkje lukkast med det. Om dei ikkje vil endre denne praksisen, seier eg at dei då får utebli frå heile gudstenesta. Dei hadde kanskje tenkt å møte opp, men utebli frå nattverden. No får dei ikkje kome.

Handlinga å utebli frå nattverdsbordet er ei demonstrasjonshandling uansett, slik biskopen ser det. Ein kan ha så gode og høflege og samvitsfulle intensjonar ein berre vil.

– Du kan ikkje gradbøye communio. Du kan ikkje gradbøye fellesskap. Enten så har me det, eller så har me det ikkje.

– Men er ein ikkje då like langt, om dei lar vere å kome? Aksepterer ein ikkje då ei slags demonstrasjonshandling?

Biskop Nordhaug lener seg framover i den blåkledde tøystolen. Han er klar med svaret allereie før spørsmålet er ferdig stilt.

– Nei. Me aksepterer ho ikkje. Det er ikkje greitt. Du kjem til å bli kalla inn til biskopen, som seier at dette er ikkje greitt.

Biskop i Bjørgvin Halvor Nordhaug og prest på Måløy i Nordfjord Mari Saltkjel.

Men biskopen kjem ikkje til å gi dette mennesket sparken. Og Nordhaug har for så vidt heller ikkje høyrt nokon kyrkjeleiar ta til orde for det.

– Men me skal markere gong på gong at dette er ein ugrei måte å handtere fellesskapet på. No kan ingen lenger seie at «dette gjer eg, og biskopen er innforstått med det». Nei, biskopen er ikkje innforstått med det. Eg kan ikkje bruke tvang, og det er ikkje noko optimal løysing, men me er der me er.

– Dette vil endre seg med åra. No kjem det ingen nye prestar som får ha denne praksisen.

Ei endeleg endring

Sjå for deg at du jobbar som yrkesfaglærar på nittitalet, for eksempel. Heilt sidan du var ferdig utdanna har du undervist med ein læreplan kor det praktiske overskuggar alt. Så kjem Reform 94. Teorien skal inn.

I samvit for elevane – og det du meiner er riktig gjennomføring – kan du motsetje deg å undervise etter dei nye føringane? «Nei» er nok det instinktive svaret til dei fleste.

Ein arbeidstakar forpliktar seg til å ta del i utviklinga på arbeidsplassen.

Men det kan virke som om kyrkja har ein annan natur. Ein særs sjølvstendig ein, som kan gjere pålegg til utvikling krevjande. «Dette var greitt då eg blei tilsett» er eit argument fleire prestar, som no opplever ein brutal snuoperasjon, framfører.

– Eg trur det er ei slags identitetssak i kyrkja, at det ikkje berre er arbeidsgivaren som eig teologien. Som tolkande teologar opplever me oss nok veldig sjølvstendige, seier Mari Saltkjel, og kjenner seg att i kvinneprestmotstandarane sitt behov for å vere autonome som fagpersonar.

Ho er likevel blant dei som meiner prestar «ikkje kan krevje ein konstant arbeidsgivar i 40 år». Spørsmålet om kvinnelege prestar er faktisk ikkje teologisk, meiner ho.

Det er arbeidsrettsleg.

Biskop i Bjørgvin Halvor Nordhaug og prest på Måløy i Nordfjord Mari Saltkjel.

– Eg kan jo ikkje forlange å få fortsette å forkynne skremmande helvetesteologi, for eksempel. Det du på femtitalet kunne få tid på radioen – og byste på MF for – er ikkje lenger gangbart. Som arbeidstakar kan eg ikkje la vere å unngå å utvikle meg teologisk eller prinsipielt i samråd med kva arbeidsgivaren min forventar.

– Eg trur me som prestar er vanskelegare å forhalde oss til enn andre arbeidstakarar. Kan det stemme, Halvor?

– Ja, det kan nok hende. Prestar ei særs sjølvstendig gruppe, seier biskopen, og ler, litt lurt.

– Me må kunne seie at me er sære og, skyt Saltkjel inn.

– Nei, det veit eg ikkje …

Biskop Nordhaug smakar på ordet. Kan ein arbeidsgivar kalle sine tilsette for sære?

– Men på ein fin måte, prøver Saltkjel.

– Då er eg med. Rommet for ulikskap og rørsle innanfor vedkjenninga er stort. Og slik skal det vere. Me er jo protestantar, ikkje sant, seier biskopen.

– Men kyrkja skal og må endre seg, og har gjort det gjennom tidene. Ein prest er også ein arbeidstakar, og må finne seg i endringar. No gjeld det samarbeid med kvinner, seier Nordhaug.

Stolte over å «stå i det»

Ei sanning som har blitt tydeleg for Bjørgvin-biskopen det siste året, er korleis Den norske kyrkjas – manglande – system har fungert undertrykkande. Ein kan kanskje driste seg til å kalle biskopens nye prinsippfastheit «beinhard».

No er Nordhaug, sett på spissen, på omvendingstokt etter dei som ikkje vil rette seg etter kyrkjas nye føringar.

– Du kan seie det høgt og tydeleg, og skrive i Vårt Land og Dagen, at kvinneprestar er imot Guds ord. Det er heilt kurant. Men dei må slutte med denne reservasjonspraksisen.

No skal det ikkje lenger vere opp til ei enkelt kvinne i eit lite prosti å bite tennene saman. No har biskopane sagt at «me tar det – dette er vårt ansvar». Det oppfattar Mari Saltkjel som ei byrdeletting, ein måte å få makta tilbake.

Ein føler seg kanskje litt lurt, ikkje sant?

—  Prest Mari Saltkjel

– Tidlegare var det kvinnene som eigde problemet, og løysinga. Derfor gjekk mange stille i dørene, og var stolte over handteringa si. «Eg klarte det. Eg klarte å vere prest utan å skape for mykje uro». Ein har jo stor respekt for kollegaene sine. Ein person er så mykje meir enn ein situasjon mot ei kvinne, ikkje sant.

– Det gjer det vanskeleg å varsle. Og me veit endå ikkje heilt kor den grensa går. Det vil ta tid. Me må lære oss noko nytt.

Saltkjel er stolt over det kvinner har oppnådd som prestar i Den norske kyrkja. Men no forventar ho at arbeidsgivar eig problemet, og løysinga på det.

– Å ha leiarar som klarar å formidle at dei ikkje er handlingslamma eller hjelpelause i møte med motstand mot kvinners presteteneste blir til slutt avgjerande for vår tillit til handteringa.

– No er motstanden flytta ut av nattverdsfellesskapet. Men uttrykket har berre bytta rom.

Biskop i Bjørgvin Halvor Nordhaug og prest på Måløy i Nordfjord Mari Saltkjel.

Den krevjande praten

Bispemøtets tydelege tale er ein lovnad om at det skal løne seg å seie ifrå, heller enn å teie. Men det er lettare sagt enn gjort. Å skulle ta samtalen på prostikontoret kan kome til å gjere vondt.

Presten og biskopen ser for seg rommet: Å sitje overfor den andre ved bordet, og sjå kvarandre i auga. Éin med ei pressande kjensle av å trø over bibelske grenser, og den andre med ei oppleving av å få prestekallet sitt tvilt på.

– Det er ingen konkurranse om kven som har det verst. Men det er ei over- og underordning i denne situasjonen, som me må bli minna på. Samtidig som det er vondt, er ein reservasjon, og manglande samarbeid på grunn av kjønn, uakseptabel og ugrei, seier Saltkjel.

Måløy-presten trur desse møta vil krevje mykje mot. Og ein god prost til å leie dei.

Ein føler seg kanskje litt lurt, ikkje sant? seier Saltkjel, nærmast spørjande, men likevel på ein måte som tilseier at dette er noko ho har kjent på sjølv.

– Her har du jobba med ein person lenge, og de likar kvarandre, men så plutseleg finn du ut at det er visse ting han ikkje «kan» gjere i lag med deg fordi du er kvinne. Og at andre har kjent til dette, men at du sjølv ikkje visste det.

No, dersom ho tør, kan ho legge det i systemets hender.

– Eg byrjar å tru på at det er trygt. Men dilemmaet er jo at ein skal vere kollegaer vidare, seier Saltkjel.

Felles forståing, men …

Ute i dei bergenske brusteinsgatene har den lova sola dukka opp. Berre eit par timar skil det som verkar som to vidt forskjellige årstider. Presten og biskopen held kvar si hand på kvar sin panne for å lage skugge framfor auga. Dei siste timane har dei to funne ei felles sanning, og starta å nøste opp knuten som hindrar likestilling i Den norske kyrkja.

Fortsett er det noko som skil medarbeidaren og sjefen hennar. Saltkjel vil ha skriftlege erklæringar og «tøye arbeidsmiljø-strikken lenger». Ho vil ha lovar og reglar, og fryktar at ein berre er eit bispedømmerådsval unna at situasjonen blir annleis igjen.

Nordhaug held gjerne fram med å ta kvinneprestdebatten teologisk, så vel som arbeidsrettsleg. Men han vil unngå maktmiddel så langt det lar seg gjere.

Nokre skritt etter å ha ropt «hade» etter biskopen, og den automatiske bispekontordøra glir igjen, skyt Nordfjord-presten uoppfordra inn frå høgre. Ho er rørt, men utolmodig etter å sjå betring, etter å sjå gode arbeidsforhold for alle i kyrkja.

– Eg må berre seie: Eg trur dette kjem til å gå bra, eg.


Les mer om mer disse temaene:

Ruth Einervoll Nilsen

Ruth Einervoll Nilsen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Den norske kirke