Misjonsliv

Syklar, padlar og spring for systerkyrkjer

MISJONSAKSJON: Farsund menighet, med prest og konfirmantar i front, har trått til for den globale kyrkja som er hardt ramma av korona. Det er det også 176 andre kyrkjelydar i Den norske kyrkja som gjer i vår.

– Me ville gjera eit stunt for å skaffe ekstra merksemd og pengar, seier sokneprest i Farsund sokn, Henning Huseby Jansen.
Derfor blei konfirmantleiren i kyrkjelyden bruka til å samle inn pengar til misjonsprosjektet Stefanusbarna i Kairo, som handlar om å betre levekåra til koptiske kristne som lever under dårlege kår ved søppelberget i Kairo. 
Medan dei fleste konfirmantane sprang og gjekk rundar i eit meir tradisjonelt misjonsløp, valgte presten å ta med seg sykkelen på bussen til leirskulen, for så å sykle dei ni mila heim att. Alle oppmoda kjente og kjære til å sponse dei per runde eller distanse.

Kun for abonnenter

Annonse
Annonse

Mer fra: Misjonsliv