Den norske kirke

Sist ble den einaste søkaren vraka, no har dei tilsett ny prest

DEN NORSKE KYRKJA: Tidlegare i vår vraka Agder og Telemark bispedøme den einaste søkaren til sokneprestjobb. Han var kvinneprestmotstandar. Etter ei ny utlysing har dei no tilsett ny prest i Åmli.

– Eg gler meg til å ta fatt på arbeidsoppgåvene som ligg i Åmli. Det blir fint med ein ny stad og nye utfordringar, seier Jarle Bryne, som kjem til å takke ja til eit årsengasjement som sokneprest i Aust-Nedenes prosti med Åmli som tenestestad.

Bryne kjem frå stillinga som prostiprest i Orkdal prosti. Sjølv har han vakse opp i Kristiansand, og han ser fram til å flytte nærare familie.

Kvinneprestmotstand

Det var tidlegare i år at Agder og Telemark bispedømme valde å lyse ut stillinga på nytt, heller enn å tilsetje Vidar Nes Mygland, som var den einaste som hadde søkt jobben.

Nes Mygland fortalde til Vårt Land at han ikkje fekk ei grunngjeving for avslaget, men at han ikkje kunne sjå annan grunn enn at han ikkje ynskjer nattverdsfellesskap med kvinnelege prestar.

– Eg er veldig lei for dette, og synest det er dumt og trasig, sa Nes Mygland til Vårt Land i april.

LYSES UT PÅ NYTT: Åmli kirke fikk bare én søker til stillingen som sokneprest. Nå lyses stillingen ut på nytt.

Delar gledeleg ut nattverd med kvinnelege prestar

Bryne på si side seier han har «eit heilt naturleg forhold til kvinnelege prestar» og at han delar ut nattverd saman med både kvinnelege og mannlege prestar. Han har fått med seg at det har vore diskusjon rundt den fyrste utlysinga av stillinga.

– Kva tenkjer du om å få denne stillinga etter all merksemda den føregåande prosessen har fått?

– Eg såg at stillinga i Åmli vart lyst ut på nytt. For meg har dette vore som å søkje ei heilt vanleg prestestilling. Eg ser fram til å kome til Åmli og ta fatt på nye oppgåver og nye utfordringar. Eg trur eg kjem til å trivast i Åmli og i Aust Nedenes prosti, seier Bryne.

– Kva prest får Åmli i deg?

– Dei får ein prest som er open, romsleg og som vil vera til stades i lokalsamfunnet, seier Bryne, som fortel han skal starte i den nye jobben 1. oktober.

Tre søkjarar

Det var på bispedømerådet 9. juni at det blei samrøystes vedteke å støtte biskopen i å tilsetje Jarle Bryne i årsengasjementet som sokneprest.

Dei andre søkjarane var Gerd Solveig Rannestad (58), vikarprest/ekstravakt og Ivar Skippervold (72), rektor/pastor/musikar/forfattar.

Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Den norske kirke