Diakon delar ut matkasser før jul: – Ein kritikk av samfunnet

VEST-TELEMARK: Diakon Eilev Erikstein delar for femtande året ut matkasser til dei som treng det. – Folk bør sleppe å ha sånne som meg på døra som spør om dei vil ha gåver.

Prostidiakon i Vest-Telemark Eilev Erikstein delar ut matkasser før jul.
MATPOSEDIAKONI: – Samfunnet må byggje velferdsordningar som gjer at me treng minst mogeleg av denne formen for hjelp, seier prostidiakon i Vest-Telemark Eilev Erikstein om å dela ut matkasser før jul.
Publisert Sist oppdatert

I om lag 15 år har prostidiakon i Vest-Telemark, Eilev Erikstein, dela ut matkasser til dei som treng det før jul.

– Eg får lov til å vera ein liten julenisse. Det er ein god, diakonal tradisjon å dela ut gåver, seier Erikstein, og siktar til opphavet til julenissen, biskop St. Nikolaus som dela ut gåver til dei fattige.

Han seier det er ei god kjensle å overraske folk med noko godt av og til. Diakoni blir ofte omtalt som omsorgstenesta til kyrkja, eller evangeliet i handling.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS