Dette er dei mest brukte Bibel-uttrykka i valkampen

SPRÅK: Politikarar har møttest ansikt til ansikt, det blir ramaskrik og veljarane må skilja klinten frå kveiten. Mange innarbeidde ord og uttrykk som politikarar, politiske kommentatorar og andre brukar har opphavet sitt i Bibelen.

Hvilke bibelske uttrykk blir brukt mest i valgkampen?
Medieovervakingsbyrået Infomedia har i samarbeid med Nordisk Bibelmuseum gjort ein gjennomgang av norske medium for å sjå nærare på bruken av bibeluttrykk i årets valkamp.
Publisert Sist oppdatert

Medieovervakingsbyrået Infomedia har i samarbeid med Nordisk Bibelmuseum gjort ein gjennomgang av norske medium for å sjå nærare på bruken av desse uttrykka i årets valkamp.

Dagleg leiar ved Nordisk Bibelmuseum, Rune Arnhoff, skriv i ei pressemelding at han trur mange blir overraska over å høyra at så mange av desse kjente uttrykka, som flittig blir brukte i dagligtalen, har opphavet sitt i Bibelen.

På museet i Oslo kan ein mellom anna sjå på ordtavler med mange av dei bibelske uttrykka som blir brukte i språket vårt. Dette er ein del av utstillinga, som i sin heilskap omfattar Nordens største bibelsamling.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS