- Det kom eit menneskeleg ras i mitt liv
Det er ei kristenplikt å engasjere seg i samfunnet, meiner diktar Knut Ødegård. I år er det femti år sidan han debuterte, og i si nye diktsamling har han tileigna Sylvi Listhaug eit dikt.
For Knut Ødegård har alderdommen si eiga skjønnheit. Han konstaterer at kjærleiken er søtare i alderdommen enn i ungdommen.
Henriette Lien Pedersen
– Eg er ikkje så kjent i denne byen lenger, seier diktaren Knut Ødegård då Vårt Land treffer han over ein kaffi i Oslo, som for å forklare kvifor han er tidleg ute. Han sit allereie klar med ein kopp då vi kjem, staseleg kledd i finskjorte og tversover, slik han plar, og med den nye diktsamlinga si på bordet.
I år er det femti år sidan han debuterte som lyrikar med samlinga Drøymaren, vandraren og kjelda, 22 år gamal. Tittelen på den nye diktsamlinga hans er Tida er inne, ogomslaget er dekt av eit av Edvard Munchs siste sjølvportrett, Mellom klokken og sengen 1940–1943.
Spørsmålet om Ødegård ikkje har tenkt å skrive meir etter dette, tvingar seg fram.