Desse er foreslått som ny Oslo-biskop
DEN NORSKE KYRKJA: Jakta på ny hovudstadsbiskop er i gang. Her er alle forslaga til Kari Veiteberg sin arvtakar.
Aud Valborg Tønnesen, Sturla Stålsett, Elisabeth Thorsen, Knut Tveitereid, Gyrid Gunnes og Hans Aage Gravaas er blant namna som har blitt foreslått som ny biskop i Oslo.
Guro Asdøl Midtmageli
49 namn er foreslått som ny Oslo-biskop.
– Det er veldig hyggeleg å bli nemnt. Eg vil peike på Sturla Stålsett som den beste biskopen for Oslo, men eg tenker at viss ein skulle ønske seg ein feministisk og litt ukonvensjonell teolog kunne jo eg ha vore ein aktuell kandidat til det.
Det seier Gyrid Gunnes, førsteamanuensis ved VID Vitenskapelige Høgskole, som var ein av dei foreslåtte på lista.