Det er kolmørkt i rommet, i alle fall når ein kjem frå den skarpe sola utanfor. For kvart sekund der auga ven seg meir til mørkeret ser det ut til å dukke opp endå eit menneske i det vesle rommet. På golvet sit ei kvinne med eit lite barn, men ho reiser seg og går ut.
Seks personar bur på rommet som er mellom åtte og ti kvadratmeter stort. Det er to fedrar, ein har tre søner, den andre éin. Dei unge, men vaksne sønene har psykiske plager og fungerer ikkje i samfunnet utanfor, men noko formell diagnose har dei aldri fått.
På golvet ligg det tynnslitne madrassar sydd av rissekkar. Elles er det berre nokre få eigendelar som ligg spreidd rundt i rommet. Den einaste ljoskjelda er eit vindauge på den eine veggen.