Denne kyrkja er så full at folk må stå under kyrkjekaffien

UNGE VAKSNE: St. Jakob kirke i Bergen opplever så stor vekst at både øvingslokalet og kyrkjerommet har blitt for lite. No har riksantikvaren gitt kyrkjelyden eit sjeldant «ja». Det står berre éin utfordring i vegen.

St. Jakob kirke i Bergen
STINN BRAKKE: Når St. Jakob har kyrkjekaffi etter sundagsgudstenestane, er det duka for quiz. No har kyrkjelyden blitt så talrik at folk må sitte heilt opptil alteret for å få plass.
Publisert Sist oppdatert

Prest Øyvin Rudolf Sønnesyn Berg kallar det eit «luksusproblem» at kyrkjelyden han jobbar i, St. Jakob i Bergen, har vakse seg større enn lokala sine. Hundrevis av unge vaksne strøymer til gudstenester, studentlunsj, samtalekveldar og korøvingar kvar veke.

– Koret vårt har ikkje brukt PR-midla sine det siste halvtanna året, for dei har knapt hatt plass til at fleire melder seg inn, seier prest Sønnesyn Berg, og kallar det «litt stas» at St. Jakob har klart å samle så mange til kyrkjefellesskap.

Også til sundagsgudstenestene kjem det fleire og fleire. Til kyrkjekaffien og quizen dei alltid har i etterkant, er det knapt sitteplassar til alle. Nokon må til og med ta plass oppe ved alteret.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS