Denne guten i kampanjen til Bibelselskapet finst ikkje
KUNSTIG INTELLIGENS: Bibelselskapet brukar datagenerert barnebilde i kampanje. – Det ligg personvernmessige vurderingar til grunn, seier generalsekretæren.
DATAGENERERT: Denne guten skal gje folk lyst til å støtte Bibeselskapet. Men han er ikkje ekte.
Bildet er generert med bruk av kunstig intelligens
Den siste tida har Bibelselskapet rulla ut ei ny innsamlingskampanje med fokus på barn og bibellesing.
«Alt for mange barn og unge i Noreg veks opp i ikkje-kristne heimar». «Me treng di hjelp no slik at barn og unge, lærarar, sundagsskulelærarar og foreldre/foresatte også framover kan lese Bibelen gratis på bibel.no» er delar av bodskapen. Dette kjem fram mellom anna i annonsar hjå Vårt Land og på Bibelselskapet si nettside.
Til å illustrere kampanjen brukar dei det som tilsynelatande ser ut som foto av ein gut i eit klasserom, og av ei lita jente utandørs.