Den russisk-ortodokse kyrkja velsignar potensielt masseøydeleggande rakettar

KRIGEN OG KYRKJA: Kvar våpengrein i det russiske militæret har sin eigen helgen. Men enkelte ortodokse prestar i Russland har fått nok – og tatt til orde for å avskaffe velsigninga av dei mest destruerande våpena.

Russian RS-24 Yars ballistic missile rolls in Red Square during the Victory Day military parade in Moscow, Russia, Sunday, May 9, 2021, marking the 76th anniversary of the end of World War II in Europe. (AP Photo/Alexander Zemlianichenko)
ALLIANSE: Her køyrer Ruslands ballistiske missil RS-24 inn på Den raude plass under sigersdagsparaden i Moskva i 2011. Fleire forskarar meiner dei siste tiåra å sjå den ortodokse kyrkja ta den kommunistiske ideologiens plass i det russiske militæret.
Publisert Sist oppdatert

Sidan den russiske invasjonen av Ukraina, har bilde av draktkledde ortodokse prestar som spreier vatn og røykelse over våpen og soldatar versert i sosiale medium og nyheitsartiklar. Dei fleste stammar frå før krigen braut ut.

Dette sterke bandet mellom militæret og den russisk-ortodokse kyrkja har nemleg eksistert i mange år – men har særleg blitt tettare etter at Sovjetunionen fall.

Spesielt det siste tiåret har staten, hæren og kyrkja kopla seg i lag, og på ideologien om eit «heilag Russland» mot den «gudlause Vesten», ifølge den svenske teologiprofessor Archimandrite Cyril Hovorun frå Teologiska Högskolan i Stockholm.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS