Dei sakna rom for kritiske spørsmål i kyrkja. No er dei kvekarar
KVEKARSAMFUNNET: Dei var utslitte etter ei feila menighetsplanting, engasjement i utallige kyrkjelydar og det som opplevdes som mange krav og lite rom for kritisk tanke. Så besøkte Sunniva og Tommy Vad Funderud Kvekarsamfunnet.
STILLE MARKERING: Sunniva Funderud (27) og Tommy Vad Funderud (28) markerer FN-dagen for for total avskaffing av atomvåpen saman med andre frå Kvekarsamfunnet. Plakatene siktar til at Noreg ikkje har signert FN-avtala som forbyr statar å utvikle, prøvesprenge, produsere og skaffe atomvåpen.
Morten Marius Larsen
I eit kontorbygg på Grønland i Oslo sirkulerer 10-15 personar rundt eit bord, kor det blir delt ut plakatar med tekstar som «Norge må signere», «FN-avtalen» og «Mot atomvåpen».
Mange i gruppa har akkurat vore på den faste sundagsandakta til Kvekarsamfunnet, og no skal dei på ei markering mot atomvåpen på Grønland torg. Ei stille markering.
– Det er Tommy som har teikna plakatane, påpeiker Sunniva Funderud, medan ho prøvar å tre ein hyssing gjennom det store arket, for å henge det rundt halsen på ektemannen Tommy og den vesle dottera.