- Danninga må skje i alle fag

Debatten om KRLE-faget rullar vidare: Er faget avgjerande for danninga til elevane eller er det er like mykje danning i matematikk?

Torkel Brekke, professor i Religionshistorie
Mange har forsvart religionsfaget ved å vise til at det er et spesielt viktig fag «i dagens pluralistiske samfunn». Argumentet holder ikke, mener Torkel Brekke.
På Mailand vgs i Lørenskog er etikk tema for dagens religionstime. Med utgangspunkt i klimaproblematikken illustrerer lærar Elise Bliksås kva ansvarsetikk går ut på. Med små justeringar kunne det like gjerne ha vore ein samfunns- eller naturfagstime. Elevane Vårt Land snakka med, meiner likevel at det er naudsynt med eit eige religionsfag.Karl Axel Berg, Tiril Rød Emaus, Filip Hamang, Celine Hovanissjan
På Mailand VGS i Lørenskog er etikk tema for dagens religionstime. Med utgangspunkt i klimaproblematikken illustrerer lærar Elise Bliksås kva ansvarsetikk går ut på. Med små justeringar kunne det like gjerne ha vore ein samfunns- eller naturfagstime. Elevane Vårt Land snakka med, meiner likevel at det er naudsynt med eit eige religionsfag.
Publisert Sist oppdatert

– Det er klart det er danning i alle fag. Danning må skje i matematikk, engelsk, norsk og alle andre fag. Det er danning i å forstå statsbudsjettet og global økonomi. Det er danning i å forstå norske dialektar. Det er potensielt danning i mykje, seier religionshistorikar Torkel Brekke ved Universitetet i Oslo.

I Vårt Land 5. mars ga han si støtte til forslaget om å ta KRLE-faget av timeplanen. Forslaget var sett fram av sosiolog Gunnar Aakvaag ved Universitetet i Tromsø tidligere i år. RLE-seksjonen ved Oslo Met reagerte på utspelet.

«KRLE er kanskje skolens viktigste danningsfag hvis formål er å ruste elevene til å tolerere ulikhet, stille kritiske og undersøkende spørsmål, reflektere over etiske dilemma, og samtale med mennesker som har en annen tros- og livsynsoppfatning enn dem selv», skreiv RLE-seksjonen i Vårt Land (18. mars).

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS