Daniel og Heidi førebyggjer sjølvmord frå heimekontoret
KIRKENS SOS: Korona tvinga fram digitalisering og heimekontor for frivillige hjå kristenesta til Kirkens SOS. Det førte til at nye grupper frivillige kan bidra.
FLEKSIBELT: For Daniel og Heidi har Kirkens SOS sine nye digitale løysingar gjort det enklare å bidra som frivillige. Spesielt chat og meldingstenestene kan ein svare på frå overalt, medan telefonsamtalene krever at ein sit meir skjerma av omsyn til personvernet.
Foto: privat
Daniel er ein fersk frivillig i krisetenesta til Kirkens SOS. Han bur i Bodø, og har dermed godt over femti mil til nærmaste vaktrom, som er basane der dei frivillige i Kirkens SOS tradisjonelt sett har svart på telefonar og meldingar. Det ville vore utenkeleg for Daniel å vera frivillig viss han måtte reise til Tromsø for kvar vakt.
Men takka vera den omfattande digitaliseringa organisasjonen måtte gjennom då Noreg stengde ned i fjor, kan no folk som bur langt unna vaktromma også bidra med tid og innsats inn i Kirkens SOS. Organisasjonen tilbyr ei heildigital teneste, der både kursing, rettleiing og vaktene skjer heimanfrå.
– Eg har akkurat fullført innføringskurset og hadde mi fyrste prøvevakt i går, fortel Daniel.