Då gudstenesta mintest dei omkomne, sørga dei òg over ufødde Isak

GJERDRUM-TRAGEDIEN: Når beredskap og mediar har omtalt dei døde etter skredet, har opplysninga vore «ti personar». På gudstenesta sundag sørga Gjerdrum kirke over elleve.

Bjørn-Ivar Grymyr Jansen (40) og Charlot Grymyr Jansen (31) og Alma Grymyr Jansen (2) omkom då leilegheita i Nystulia forsvann i raset.
Bjørn-Ivar (40), Charlot (31) og Alma Grymyr Jansen (2) omkom i skredet i Gjerdum. Også deira ufødde son Isak blei minna under sørgegudstenesta.
Publisert Sist oppdatert

Det var berre ein drøy månad til guten skulle bli fødd. 15. februar var det planlagt keisarsnitt. Så mista Isak livet i lag med mora, faren og systera i jordskredet i Gjerdrum.

Då bygda, og Norge, sørga over dei omkomne på gudstenesta sundag, blei også Isak Grymyr Jansen minna. Då namnet hans dukka opp i sorgsamtalar med familien i forkant, spurde soknepresten om dei ønskte at også han skulle bli lest opp.

– Barnet hadde jo allereie fått eit namn, og var ein del av framtidsplanane til familien. Dei ville veldig gjerne at han skulle bli nemnt, seier sokneprest Jakob Furuseth i Gjerdrum.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP