Nyheter

Byggjer hindutempel oppå rasert moské

For nesten 30 år sidan vart Babri Masjid, ein moské bygd i det 16. hundreåret, rasert av mobbar frå partiet til den indiske statsministeren. Onsdag førre veke sette han den første grunnsteinen til eit hindutempel på den same staden.

Etter ein fleire år lang kampanje driven av Indias folkeparti (BJP) vart moskeen i Ayodhya nord i India jamna med jorda i 1992.

Mobiliseringa rundt Ayodhya var med på å auke oppslutninga til partiet og akselerere den politiske karrieren til Narendra Modi. I ettertid har det vore ein lang kamp med domstolane for å få bygd eit hinduisk tempel på den same staden. Domstolen erklærte rett nok også ei tomt for ein ny moské i byen.

«Den hundreårlange ventetida er kome til ein slutt», uttrykte statsminister Modi onsdag førre veke. Framfor millionar av sjåarar over nasjonal TV sette han den første grunnsteinen til tempelet.

Religiøs siger

– Konflikten om Ayodhya er særs komplisert, og har gått føre seg i nesten 200 år, fortel professor i religionsvitskap ved Universitetet i Bergen, Knut Axel Jacobsen.

Han har hinduisme og heilage stader i India som kompetansefelt.

Jacobsen fortel at moskeen blei bygd under Mogulriket, eit muslimsk dynasti som regjerte store delar av det indiske subkontinent frå 1526 til 1857. Slik også kristne erobrarar har gjort, bygde muslimane gudshus på allereie heilage stader.

Men ifølgje hinduisk tradisjon var moskeen plassert oppå den eksakte fødeplassen til guden Ram. Sidan 1800-talet har det vore rota til blodige samanstøyt.

– BJP tar i bruk desse forteljingane og talar om dette som ein siger. Dei hevder at ventetida på 500 år er over og hinduane har vunne staden tilbake, fortel Jacobsen.

Moskeen Babri Masjid vart bygd i 1528 og rasert av ytterleggåande hinduar frå Modis parti (BJP) i 1992. Foto: Wikimedia

India hardt ramma

Triumfen til den indiske statsministeren vart likevel ikkje heilt som ønska då pandemisituasjonen har sett stort preg på landet, som no berre ligg etter USA og Brasil i smittetal. Seansen, der Modi i munnbind utførte hinduiske ritar blei likevel send på nasjonal TV.

Mange høgt rangerte politikarar har sjølve fått påvist koronaviruset, kor oljeministeren og innanriksministeren, sistnemnde rekna av mange som Indias nest mektigaste person, begge er blitt innlagde med covid-19.

Samtidig har økonomien lide eit kraftig fall, anslått på nærare 10 prosent. Over 100 millionar indarar blir rekna å anten ha mista jobben, eller stå i kraftig fare for å gjere det. Titals millionar med arbeidarar har sett seg nøydde til å dra frå byar og stengde fabrikkar, og leggje si lit til at familiemedlemmar på landsbygda kan huse og brødfø dei.

Indisk storskap

For mange hinduar er seansen eit lys i ei elles vanskeleg tid.

– Mange hinduar føler at BJP-regjeringa har med dette gjort noko fantastisk. Dei kan føle at noko blir gjort, seier Jacobsen.

Politikken til BJP blir rekna av mange for å gå på kostnad av muslimar i landet, som opplever verre forhold. Dei utgjer 14 prosent av befolkninga.

Ramayana, eit sentralt episk diktarverk i hinduismen, fortel om guden Ram som etter eksil returnerer til Ayodhya, får sin rette plass som konge og innleiar ein ny gullalder.

– Dette gjer Ayodhya til eit viktig politisk symbol på ein tenkt framtidig indisk storskap. Det er ein effektiv måte å mobilisere velgarar på - å spele på identitet utan at det blir reell økonomisk endring, seier han.

Denne saka inneheldt ei twittermelding som angiveleg skulle vere frå den britiske statsministeren Boris Johnson. Meldinga kom frå ein uoffisiell konto og har dermed vorte fjerna. 

LES OGSÅ: 

• Muslimer skremt av indisk lov

• India blant verstingene på trosfrihet

• India: Frykter sult etter korona-krisen

---

Fakta:

---

Les mer om mer disse temaene:

Jo Arne Hansen Marvik

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter