Byggjer hindutempel oppå rasert moské

For nesten 30 år sidan vart Babri Masjid, ein moské bygd i det 16. hundreåret, rasert av mobbar frå partiet til den indiske statsministeren. Onsdag førre veke sette han den første grunnsteinen til eit hindutempel på den same staden.

Den indiske statsministeren Narendra Modi utfører hinduiske ritar knytt til nedsettina av hjørnesteinen til eit nytt tempel på åstaden til den raserte moskeen i Ayodhya nord i India. Foto: AP/Rajesh Kumar Singh
Publisert Sist oppdatert

Etter ein fleire år lang kampanje driven av Indias folkeparti (BJP) vart moskeen i Ayodhya nord i India jamna med jorda i 1992.

Mobiliseringa rundt Ayodhya var med på å auke oppslutninga til partiet og akselerere den politiske karrieren til Narendra Modi. I ettertid har det vore ein lang kamp med domstolane for å få bygd eit hinduisk tempel på den same staden. Domstolen erklærte rett nok også ei tomt for ein ny moské i byen.

«Den hundreårlange ventetida er kome til ein slutt», uttrykte statsminister Modi onsdag førre veke. Framfor millionar av sjåarar over nasjonal TV sette han den første grunnsteinen til tempelet.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP