Biskopane: – Uroa for at færre vil bere fram barn med kromosomavvik
MENNESKEVERD: Prinsippet om eit samfunn med plass til alle er utfordra, meiner biskopane i Den norske kyrkja (DNK). No lagar dei ei arbeidsgruppe for å diskutere følgene av at genetisk fosterdiagnostikk har blitt lovleg.
VIL OPNE DISKUSJON: Har samfunnet lenger plass til alle, uavhengig av genetiske eigeskapar? Det er blant spørsmåla Bispemøtet skal greie ut om vidare.
Erlend Berge
Mai 2020 vedtok Stortinget ei rekke endringar i bioteknologilova. Ei av dei er at alle gravide no får tilbod om genetisk fosterdiagnostikk.
Det betyr at ein i svangerskapet kan få tidleg ultralyd og tilleggsundersøkingar for å finne ut om det finst genetiske avvik eller sjukdom hos fosteret. Tidlegare har tilbodet vore for gravide i ei risikogruppe.
Utviklinga – at alle gravide no får høve til dette – uroar Noregs biskopar. Dei kallar det ei «stor prinsipiell endring»