Biskopane: – Stiller foreldre overfor svært krevjande val
DEN NORSKE KYRKJA: Biskopane er uroa for at fosterdiagnostikk fører til at foster med kromosomavvik blir valt vekk. No ber dei regjeringa legge betre til rette for foreldra som vil behalde desse barna.
SAMLA: Bispemøtet hadde fosterdiagnostikk på sakslista på mai-møtet. Svein Valle og Olav Gading var der som fungerande biskopar.
Helene Moe Slinning/Den norske kirke
Bispemøtet, eit organ der alle biskopane i Den norske kyrkja sit, handsama denne veka ei sak om fosterdiagnostikk.
Mai 2020 vedtok Stortinget ei rekkje endringar i bioteknologilova. Mellom anna skal alle gravide no få tilbod om tidleg ultralyd, sjølv om innføringa av tilbodet har blitt forsinka.
I tillegg er det no lovleg for alle gravide med genetisk fosterdiagnostikk med blodprøve av mor.