Biskop seier ja til sambuarprestar. Bispemøtet har sagt nei

SAMLIV: Biskop Kari Veiteberg har ordinert og vigsla menneske med sambuar til teneste i kyrkja sidan ho blei biskop. Det siste vedtaket frå Bispemøtet i saka var i 2017 og seier nei til praksisen.

OSLO: Biskop Kari Veiteberg holdt preken under Stortingets åpning. Her fra en tidligere gudstjeneste.
GRUE SEG: – Eg ynskjer å formidle til studentane at dette ikkje er eit punkt dei treng å grue seg til, seier biskop Kari Veiteberg om det å snakke om samliv under ordinasjonssamtala.
Publisert Sist oppdatert

– Eg har hatt fleire samtaler med reflekterte menneske som er usikre på om dei skal, orkar eller tør søke stillingar i Den norske kyrkja. Dei synest det er problematisk at kyrkja har signalisert at ho ikkje vil tilsette sambuarar som prestar og i anna vigsla teneste. Fleire fortel at dei gruar seg til samtala med biskopen.

Det seier Oslo-biskop Kari Veiteberg. Ho synest det å vigsle eller ordinere menneske til kyrkjeleg teneste er noko av det finaste med å vera biskop. Men ho har opplevd at fleire har grua seg til den obligatoriske samtala med biskopen før ordinering eller vigsling på grunn av spørsmåla dei kan få om samliv.

Dette har gjort djupt inntrykk på Veiteberg.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS