Biskop Nordhaug om homofilierkjenninga: – Ekteskapet er ei ordning for kvinne og mann

DEN NORSKE KYRKJA: Det blir stilt spørsmål ved om Bispemøtet si homofilifråsegn eigentleg orsakar for at det finst to ulike syn på ekteskapet i Den norske kyrkja. Det nektar biskop Halvor Nordhaug for.

Bispemøtet 2021
TENKJER ULIKT: – Når tolv stykk som ikkje tenkjer heilt likt sit rundt eit bord, og også har mange andre sakar på agendaen, så kan det koma formuleringar som kan misforståast, seier biskop Halvor Nordhaug.
Publisert Sist oppdatert

– Mange homofile kjende at dei ikkje vart fullt ut anerkjende før ordninga med likekjønna ekteskap vart akseptert av Kyrkjemøtet i 2016. Den opplevinga respekterer og forstår eg. Samstundes meiner eg framleis at ekteskapet er ei ordning for kvinne og mann, og at det ikkje er diskriminerande å handsame ulike forhold på ulikt vis. Kyrkja kan etter mitt syn ikkje endre ekteskapssyn berre fordi staten har endra sitt, seier biskop i Den norske kyrkja (DNK) Halvor Nordhaug.

Han meiner homofile skal kunne ha faste rammer rundt samlivet sitt, men skulle ynskje at partnarskapsloven var vidareført og ikkje avskaffa.

– Det er eit dilemma for oss som har det tradisjonelle ekteskapssynet at samfunnet ikkje stiller opp med eit anna alternativ enn ekteskap for dei homofile og lesbiske. Derfor er det lett å skjøna at også nokre som teologisk sett ikkje vil jamstilla likekjønna og ulikekjønna ekteskap, likevel stør ekteskap mellom homofile og lesbiske. Dette tilhøvet gjer også at eg talar med små bokstavar i denne saka, seier Nordhaug.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS