Ber nordiske folkekyrkjer vurdere meir barnevelsigning

DEN NORSKE KYRKJA: I eit felles prosjekt har dei lutherske folkekyrkjene i Norden kome med ei rekkje råd for dåp i tida framover. Å slutte å tenkje at det utelukkande handlar om spedbarn er eitt av dei.

Harald Hegstad. Professor ved MF vitenskapelig høyskole. Medlem av Oslo bispedømmeråd og Kirkemøtet i Den norske kirke.
SAMFUNNSENDRINGAR: Endringar som til dømes at fleire foreldre vil vente med dåpen til barna er store nok til å velgje sjølve, gjer at ei felles nordisk prosjektgruppe tilrår dei lutherske folkekyrkjene å ikkje berre fokusere på dåp for spedbarn. Harald Hegstad har leia prosjektgruppa.
Publisert Sist oppdatert

— Heile dåpen er modellert etter barnedåpen. Alt anna er unntak. Det må ein nok endre.

Det seier teologiprofessor ved MF vitenskapelig høyskole, Harald Hegstad, om arbeidet med dåp i Den norske kyrkja (DNK). Dei siste to åra har han leia eit felles nordisk prosjekt om dåp. Her har dei lutherske folkekyrkjene i Noreg, Sverige, Danmark, Island og Finland vore med, og førre veke var prosjektet ferdig. Saman har dei komme fram til ei rekkje råd til vidare arbeid med dåpen i kyrkjesamfunna.

Tilrådinga om «å utvikle ei forståing av dåp som ikkje utelukkande er relatert til spedbarnsdåp» er kanskje den Hegstad meiner er mest prekær for DNK.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP