Kirke

Ber kyrkjelydar ta ansvar for systerkyrkjer

Gjennom aksjonen «Sammen som kirke i hele verden», oppfordrar Den norske kyrkja til pengeinnsamling og forbøn for systerkyrkjer i andre land.

– Ni av 11 biskoper oppfordrar no kyrkjelydane sine, og det tikkar inn frå hele landet, seier ein opprømd Knut Hallen, leiar for Samarbeid, menighet og misjon (SMM) i Den norske kyrkja.

Initiativet til aksjonen «Sammen som kirke i hele verden» er tatt fordi koronapandemien og nedstenginga av samfunnet kan få svært store konsekvensar for systerkyrkjene våre og det globale arbeidet til misjonsorganisasjonane.

- Mange av de menneska som våre nasjonale kyrkjer og samarbeidspartnarar arbeider med og for, mistar no sitt livsgrunnlag. Når krisa rammar, er det viktig at vi fokuserer på dei svakaste og ser kva kanalar vi har til å støtte. Våre kyrkjelydar har i samarbeid med misjonsorganisasjonane eit unikt høve til å gjere noko i denne situasjonen, forklarar Hallen i pressemeldinga dei har sendt ut.

– Vi har eit særleg ansvar

Initiativet til aksjonen kom frå biskop i Nord-Hålogaland, i tillegg til Agder og Telemark bispedøme. Målet med aksjonen er at flest mogleg at kyrkjelydane i Den norske kyrkja skal ha sin eigen innsamlingsaksjon til misjonsorganisasjonar som dei allereie samarbeider med. Åtte av ti kyrkjer har allereie eit slikt samarbeid.

I Agder og Telemark bispedøme er dei allereie godt i gong med aksjonen.

– Vi har sendt ut brev til alle kyrkjelydane i bispedømet, der vi oppmodar dei til å vere kreative i korleis dei kan vere med å støtte systerkyrkjene, fortel biskop Stein Reinertsen.

– Det at vi ikkje kan samlast slik som vi brukar, gjer at kollekt og liknande har falt vekk. Så dei må tenke annleis.

– Ditt bispedøme var blant dei som tok initiativ til denne aksjonen. Kvifor?

– Det er eit stort misjonsengasjement i Agder og Telemark. Vi ser at misjonsorganisasjonane har kome i ein vanskeleg situasjon. Dei lid meir enn oss, og dei økonomiske tapa er dramatiske for mange. Vi kristne har eit særleg ansvar for å hjelpe, særleg under kriser, meiner biskopen.

Ifølgje biskopen vil mykje av aksjonen skje lokalt i kyrkjelydane. Fleire har allereie gitt respons på at dei har planar om å bidra.

Knut Hallen er svært nøgd med innsatsen frå Reinertsens bispedøme.

– Denne aksjonen er til sjuande og sist avhengig av at den enkelte kyrkjelyd tek utfordringa og lagar si eiga enkle innsamling. Aksjonsgruppa i Agder og Telemark har gjort ein kjempejobb med å lage og samle det verktyet som trengs. Så her er det berre å klippe og lime, gjere nokre eigne vriar og få det ut, ikkje minst gjennom digitale flater, seier han.

Forbøn og pengar

Preses Olav Fykse Tveit var tidlegare generalsekretær i Verdskyrkjerådet. Der arbeidde han tett med 350 kyrkjer over heile verda. Han meiner norske kyrkjelydar har eit stort ansvar for å gjere ein forskjell i denne tida.

– Så å seie alle kyrkjene rundt omkring i verda vert finansiert av medlemmane og ikkje av staten. Så når medlemmane ikkje får gå på jobb og tene pengar, har dei mindre å gi til kyrkjas arbeid, og situasjonen blir svært vanskeleg, seier han.

Ifølgje Fykse Tveit har systerkyrkjene til Den norske kyrkja god erfaring med å handtere og leve i kriser. Men det er viktig at dei ikkje kjenner seg gløymde no, meiner han

– Vi må vise at vi står saman med våre kristne sysken både i forbøn og med pengar og gjennom dei kontaktane vi har. Vennskapskyrkjelydar må halde kontakten varm. Dette betyr noko begge vegar, og gir også oss noko tilbake.

Knytt til pinsa

Misjonsorganisasjonane som er særleg knytt til kyrkjelydar i Den norske kyrkja, har samarbeidd med systerkyrkjer og partnarar i meir enn 40 land over heile verda. Aksjonen «Sammen som kirke i hele verden» er tett knytt opp mot pinsefeiringa. For mange vil det vere naturleg å halde aksjonen varm mellom pinse og sankthans, trur Knut Hallen.

LES MEIR:

Min tro med Olav Fykse Tveit: – Det finst viktigare ting i verda enn å gruble på Guds eksistens

Trur nettsatsing kan gjere kyrkja meir liberal

Slik møter verdsreligionane korona-trusselen

---

«Sammen som kirke i hele verden»

  • Ein innsamlingsaksjon til systerkyrkjer og partnarar av Den norske kyrkja som er særleg ramma av pandemien.
  • Målet med aksjonen er å engasjere flest mogleg av Den norske kyrkjes kyrkjelydar til å ha sin eigen innsamlingsaksjon til sitt eksisterande misjonsprosjekt/organisasjon eller til eit anna av kyrkjas koronarelaterte prosjekt.
  • Agder og Telemark bispedøme er allereie i gong med aksjonen, og fleire bispedøme følgjer etter.
  • Kjelde: kirken.no

---

Les mer om mer disse temaene:

Anita Grønningsæter Digernes

Anita Grønningsæter Digernes

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kirke