Ba om vurdering av ordet «nøddåp». No har kyrkja bestemt seg
DEN NORSKE KYRKJA: Krisedåp, nøddåp eller dåp i særlege situasjonar? Frykt for at omgrepet kan signalisere at barn må reddast frå fortaping gjør at kyrkja har vurdera alternativ til ordet nøddåp.
DÅP: I Den norske kyrkja blir ein medlem ved dåp, nød eller ei. Illustrasjonsfoto frå Lommedalen kyrkje.
Erlend Berge
Kyrkjerådet har bedt om ei vurdering av ordet nøddåp.
Nemnd for gudstenesteliv fekk oppgåva, i forbindelse med ei revidering av fleire liturgiar i Den norske kyrkja. Også biskopane sa seg einige i at ein burde vurdere omgrepet.
«Spørsmålet om ordet «nøddåp» er reist fordi det kan ligge en forståelse der om at barnet må «reddes». Dette er ikke slik kirken tenker om Guds omsorg for udøpte. Når vi bruker ordet «nød» handler det ikke om å frelse barn fra fortapelsen», skriv nemnda som har vurdert omgrepet nøddåp.