PERSPEKTIV: – Å skulle seie til Kim som står i Forsvaret med ei rifle, klar til å kjempe for Norge, at ein dag skal du sitte i ei kyrkje og be i lag med staben... Right, seier Kim Hansen og ler.
Ruth Einervoll Nilsen
Ateisten Kim trudde kyrkja var keisame preiker og harde benkar. Så fekk han jobb der
Etter oljekrisa stod Kim Hansen på bar bakke. Ein god nabo førte han til Bogafjell menighet – og til eit nytt syn på kyrkja.
Denne saken ble først publisert i august i år.
– Eg trur mange sette kaffien i halsen då eg sa eg skulle begynne å jobbe i ein kyrkjelyd, seier Kim Hansen og ler.
38-åringen ser seg sjølv utanfrå idet han dreg opp glasdøra til det moderne kyrkjebygget ein tysdag i september 2017. For å forstå kvifor denne situasjonen er så rar, nærmast utenkeleg, må vi enno nokre år tilbake i tid.