Ansgar-rektor: – Ynskjer ein å underordne seg i 2022, ikkje skuld det på Gud

KJØNNSROLLER: Underordning blei debattert under Arendalsveka. Ulike meiningar viste seg både blant debattantane – og forbipasserande.

Under Arendalsveka heldt debatten fram under eit arrangement i regi av Norges Kristne Råd, MF vitenskapelige høyskole og Ansgar høyskole med teamet: «Likestilling eller underordning - kvinners lederroller i kristne menigheter».
DEBATTERTE: Frå venstre: Berit Hognestad, kursrettleiar, Ungdom i Oppdrag, Lars Dahle, fyrsteamanuensis teologi, religion og filosofi, NLA Høgskolen, Linn Sæbø Rystad, Fyrsteamanuensis praktisk teologi, MF vitenskapelig høyskole, Ingunn Ulfsten, Daglig leiar, Pinserørsla og heilt til høgre er Kari Fure, redaktør i Dagen og her debattleiar.
Publisert Sist oppdatert

Rektor for Ansgar høyskole, Ingunn Folkestad Breistein, innleia ein underordningsdebatt under Arendalsveka, med det hø sjølv kalla ein «brannfakkel»:

– Viss kvinner eller menn ynskjer å underordne seg i Noreg anno 2022, så treng ein ikkje skulde på Gud, ein er fri til å gjera det, men ikkje skuld det på Gud, sa rektoren frå scenen.

Ho var tydeleg i si tale, og meiner at «kristne heller bør kjempe mot patriarkatet enn feminisme». Patriarkatet er eit ord for ei mannsdominert sammfunsform.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS