Anne Marie Børud hadde planlagt korleis ho skulle ta sitt eige liv. Så skjedde det noko
PLUSSPRAT: Mor i Børudgjengen, Anne Marie Børud, var så langt nede at ho ville ta livet sitt. Det fortel ho til Egil Svartdahl i den nyaste episoden av Plussprat.
EIN PLAN: – Hadde eg forsvunne den dagen hadde det kanskje ikkje vore noko som heitte Børud-gjengen. Det hadde kanskje ikkje vore noko som heitte det eine eller det andre. Eg trur Gud hadde ein plan, seier Anne Marie Børud til programleiar Egil Svartdahl i ein ny Plussprat-episode.
Harald Bø
Anne Marie Børud har vore gjennom noko av det verste ein forelder kan tenkje seg. Vesle Mette døydde få dagar før ho fylte eitt år, heilt uventa.
– Det siste levande biletet eg har var då eg la henne, og ho smilte til meg med dei små, lubne fingrane over dynekanten, skildrar Anne Marie.
Børud er eit kjent namn for mange kristne, gjennom artistar og grupper som Børudgjengen, Arnold B Family, Ole Børud og Lisa Børud.