Agnes Abuom er død: – Ein av dei store leiarane i vår tids globale kristne familie, seier preses

BLEI 73 ÅR: Kyrkjeleiar, fredsmeklar og kvinnepioner, Agnes Aboum, er død. – Eg takkar Gud for å ha gjeve meg gåva av å kjenne og jobbe saman med denne store kvinna, seier Olav Fykse Tveit.

Agnes Abuom, paven og Fykse Tveit
KYRKJELEIARAR: Pave Frans og den romersk-katolske kyrkja besøkte Kyrkjenes Verdsråd i 2018, då Olav Fykse Tveit var generalsekretær og Agnes Abuom var leiar for sentralkomiteen i verdas største økumeniske organisasjon.
Publisert Sist oppdatert

- Ho var ein av våre verkeleg store økumenar, som i fem tiår har arbeida utretteleg for kyrkjeleg eining, skriv generalsekretær i Noregs kristne råd, Erhard Hermansen, på Facebook.

Han kallar ho sentral i arbeidet for fred og forsoning.

Agnes Abuom døydde 73 år gammal denne veka etter eit kort sjukeleie, heime i Kenya. Det melder Kyrkjenes Verdsråd (KV) på sine nettsider.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS