Inn i skogen, opp på toppen og ned i juvet. Sommarferie byr på barnålar i håret, fregner på nasen og skrubbsår på knea.

Det er ein fin plass å lære og meistre nye ting meiner Marte Eika i Røde Kors.

Her blir nye vennskap stifta og gode minne blir skapt. Eit avbrekk frå kvardag med mykje skjerm og lite tid.

3.500 fekk gratis ferie: – Det er fint for familien at me har fått denne sjansen

Publisert Sist oppdatert

Det er torsdag i midten av juli, gradestokken har bikka tjue grader og Røde Kors-senteret Eidene på Tjøme er full av barnefamiliar på ferie. Familiane er her gjennom Ferie for alle, som er eit tilbod i regi av Noregs Røde Kors for born i låginntektsfamiliar.

Vårt Land har fått møte ein av desse familiane.

Ekteparet Hussein Bader og Nahla Ibrahim er her med dei fire borna sine. Døtrene Simav (16), Siwan (11), Norsin (10) vil også snakke med journalisten. Dei sit i ein grøn velursofa i ei heimekoseleg stove saman med foreldra.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS