Millionunderskot for TVL også i år, men pilane peiker oppover

ØKONOMI: TVL har gjort endringar for å få budsjettet i balanse i løpet av neste år.

2026-MÅL: Alf Gjøsund, ansvarleg redaktør og dagleg leiar i TV-kanalen TVL håpar å vere nede i eit underskot på mellom 0,5 og 1,2 millionar i 2026. Årsresultatet for 2024 viser at selskapet var nesten 6,5 millionar kroner i minus.
Publisert Sist oppdatert

– Inntektene held fram med å auke jamt og trutt stort sett i tråd med dei signala me har gjeve til eigarane våre, seier Alf Gjø­sund, redaktør og dagleg leiar TVL til Vårt Land.

Årsrekneskapen til TVL tyder på at den kristne TV-kanalen har byrja å snu skuta økonomisk. Kanalen finn seg sjølv i ein langt betre situasjon enn året før, sjølv om underskotet framleis er stort.

TVL var tidlegare eigd av Vårt Land, men vart i januar 2023 tatt over av Knif AS. Kanalen har gjennom fleire år slite med litte lønnsemd, som også var grunnen til avviklinga frå avisa si side.

Powered by Labrador CMS