Haustmørkeret ligg over Bergen by. Det er 2. oktober 2023 og inne i Kristkirken i Bergen har Susann Ludvigsen (37) og to andre samla seg for å be saman.
Det varme lyset frå ein stor, skinande kross på venstre vegg i kyrkjerommet strekk seg heilt til motsett side av rommet. Her står to flagg i kryss. Eit noregsflagg og eit israelsflagg.
Saman ber dei og forsøkjer å lytte til kva Gud seier til dei.
– Og orda me fekk var blant anna: Ikkje gløym mitt folk.
Susann tenkjer tilbake på kvelden.

– Det var ein veldig spesiell kveld. Vi kjente sånn på Guds hjarte for Israel og jødane, og opplevde at Gud peika på viktigheita av at vi er innpoda på deira tre. Frelsa kjem frå dei.
Ho opplevde at dei vart minna på det som skjedde mot jødane under andre verdskrig.
– Og så skjedde 7. oktober. Då vart det ekstra sterkt for meg kvifor Gud peikte på desse tinga berre nokre dagar før.
– Ikkje sett makan
Den 7. oktober 2023 vart Israel utsett for eit terrorangrep frå Hamas. Den palestinske islamistrøyrsla angreip kibbutzar, tettstader og militærbasar og fyrte av fleire tusen rakettar mot Israel. I tillegg bortførte krigarane fleire hundre gislar frå Israel til Gaza. Israel svara med krig mot Hamas.
Nok ein gong dukka den langvarige konflikten mellom Israel og Palestina opp på framsidene i media, og nok ein gong vart det viktig for fleire kristne å markere si støtte til Israel. Det merkar fleire israelsorganisasjonar.
– Det vi har opplevd det siste halvannan året har eg ikkje opplevd makan til, seier Dag Øyvind Juliussen som er dagleg leiar for Den Internasjonale Kristne Ambassade i Jerusalem (IKAJ) si avdeling i Noreg.

IKAJ har som hovudmål å «stå med Israel i støtte og vennskap». No fortel Juliussen at dei opplever ei mobilisering i Noreg.
På den eine sida ser han eit auke av jødehat og antisemittisme i Noreg, og på den andre sida auka støtte frå kristne som vil støtte Israel.
– Vi har mange hundre nye givarar og vi opplever at kyrkjer spør etter kunnskap og informasjon, seier han og fortel at IKAJ har starta med regionale konferansar. I 2024 hadde dei slike arrangement i samarbeid med over femti kyrkjer.

Det siste halvåret har Juliussen opplevd at organisasjonen når ut til fleire unge enn tidlegare. Han har jobba i organisasjonen sidan 1996, men seier han aldri har opplevd eit slikt engasjement som no.
– Det er eit stort spekter av unge som har opna seg mykje meir enn tidlegare.
Juliussen skildrar ei sterk grasrotrørsle blant israelsvener i Noreg, men at Israel likevel har vore eit ikkje-tema i mange kyrkjer på grunn av den betente situasjonen.
No ser det ut til å endre seg.
Tok avstand frå Israels-tematikk
Då Vårt Land skulle finne ein israelsmøte å dekke, kunne avisa velje mellom tre ulike konferansar i Bergensområdet som var same dag. Valet fall på Jesusfellesskapet.
– Eg synest eigentleg heile greia er litt underleg, fortel Steinar Lofnes (42).

Det er 1. februar og det blafrar i eit banner som ønsker velkommen inn til Jesusfellesskapet, den frikyrkjelege forsamlinga Lofnes er hovudpastor for. Innanfor dørene står kaffikoppane ved stolane og folk med løfta hender i lovsong.
Scena er enkel og moderne, som musikken. Tre ting er spesielt synlege på scena: ein kross, eit bad til dåp og her også; eit israelsflagg og eit noregsflagg.
– Eg har ikkje hatt så veldig bevisst forhold til temaet, seier Lofnes, og legg til at han heller underbevisst har unngått å forhalde seg til israels-tematikken.
---
7. oktober
- Den 7. oktober 2023 vart Israel utsett for det norske myndigheiter har definert som eit terrorangrep frå Hamas, ei palestinsk islamistrøyrsle i Gaza.
- Hamas angreip kibbutzar, tettstader og militærbasar og fyrte av fleire tusen rakettar mot Israel. I tillegg bortførte krigarane fleire hundre gislar frå Israel til Gaza. I Israel vert denne dagen ofte «Svart laurdag» eller «Simchat Torah-massakren».
- Berre timar etter angrepet svarte Israel med eit omfattande luftangrep i Gaza. Den 27. oktober invaderte Israel Gaza og Gaza-krigen er framleis ikkje avslutta. Ved utgangen av mars 2025 hadde FN registrert over 50 000 drepne palestinarar og 110 000 såra, blant desse er mange kvinner og born. Om lag 1,9 millionar (90 prosent av innbyggjarane) er driven på flukt.
---
Skremt vekk av eldre israelsvener
Lofnes skildrar ein kultur blant dei eldre israelsvenene som har brukt mange jødiske symbol og rekvisittar i kyrkjer og i heimane sine. Dette fortel Lofnes at han har opplevd som fjernt.

– Føler du dei eldre i kyrkja har mislykkast med å fortelje kvifor Israel er viktig?
– Eg vil ikkje påstå at eg har noko korrekt blikk på alt, men eg har ei oppleving av at ein generasjon er litt skremt vekk.
Han viser til sin eigen generasjon.
– For det ligg jo eitt eller anna her. Når ein les Bibelen så er jo konteksten Israel og jødane. Tematikken ligg der, og så vert spørsmålet; kva betyr det for notida?

Han fortel at han er på leit etter kva ein skal tru på av dei ulike tinga og kor ein har gått for langt.
– Ein vert sett i ein rar mellomposisjon der du har fokuset i nyheitene, og media og samfunnet generelt og så har du dei eldre og deira fokus. Kor skal ein finne sin plass? spør han.
Hovudpastoren er også podkastvert i den kristenkonservative podkasten Kulturkrigen. Han er ofte tydeleg på kva han meiner, men under dette intervjuet er han meir undrande.
– Eg er i ein prosess sjølv, så dette er meir høgttenking, seier han medan han ler litt.
For han starta denne prosessen då dei flytta inn i bygget for nokre år sidan.
Vart trigga av israelsflagget
I 2023 slo Jesusfellesskapet seg saman med Evangeliekirken, som tidlegare tilhøyrde Maran Ata-rørsla. Jesusfellesskapet var i vekst med mange unge, medan Evangeliekirken sleit med å fylle lokala sine.
Då dei skulle flytte inn, måtte Lofnes forhalde seg til israelsflagget som sto på scena

– I utgangspunktet oppfatta eg det som unaturleg.
Han rynka litt på nasen der han sto og såg på flagget, skulle dei behalde det?
– Det hadde vorte eit veldig tydeleg statement å ta det vekk. Både fordi dei eldre hadde hatt det der, men det hadde også blitt ei markering av at dette vil vi ikkje ha.
Flagget vart dermed verande.

– Det vart ein trygger, då måtte vi finne ut av desse greiene.
Seinare kom 7. oktober 2023 og Lofnes vart sjokkert over det han såg på nyheitene om krigen som braut ut på Gazastripa. Samstundes delte han scene med israelsflagget i kyrkja. Han kjente igjen at han måtte ta stilling.
Etter konferansen og intervjuet har nettsida til Jesusfellesskapet har blitt oppdatert:
«Vi trur at Israel har ein unik plass i Guds frelsesplan og at jødane framleis er Guds utvalde folk.»
Knytt til kristensionisme
Skal ein forstå kvifor Israel er så viktig i ulike kristne miljø, må ein forsøkje å forstå det teologiske aspektet.
– Grunnleggjande sett handlar det om at jødane skal tilbake til «det heilage land», der dei meiner dei har røter, og etablere seg der, seier Erling Rimehaug (78) om kristensionismen sitt utgangspunkt.
I tillegg til å vere tidlegare journalist og redaktør for Vårt Land, har han gjeve ut fleire bøker om tematikken. Han seier israelstøtta i kristne miljø er knytt til kristensionisme, ei rørsle som oppstod på 1700-talet.

Denne tidlege kristensionismen var oppteken av at jødane måtte komme til sitt eige land. Ein tenkte ikkje i politiske banar om ein jødisk stat.
Dette skil seg frå den jødiske sionismen som starta som ei politisk rørsle som oppstod blant jødar i Europa på 1800-talet. Dei ønska ein jødisk stat i Palestina, der jødane har sine røter.
– Dei som vart kristensionistar las profetiar og lovnader i Bibelen og tolka det som at først må jødane komme tilbake til Israel, og då kjem jødane til å vende seg om til Jesus som Messias.
Rimehaug dreg linja vidare til 1800-talet. Då starta John Nelson Darby (1800–1882) ei rørsle som fokuserte på endetid.
– I denne forståinga av endetida måtte jødane tilbake til landet sitt før Jesus kunne komme tilbake.
Etter kvart kom det mange greiner under omgrepet «kristensionisme», men lenge handla det ikkje om politikk, fortel Rimehaug.
Det har endra seg.
Oppfylling av profetiar
I 1948 vart staten Israel oppretta, ei hending som kristensionistane opplevde som ei oppfylling av Guds løfte til Abraham, om at hans etterkomarar skal arve landet. Og av mange profetiar om at jødane som er i eksil skal vende heim til landet sitt, til dømes i Jesaja og Jeremia, fortel Rimehaug.
– Det var mange som opplevde det som ei stor religiøs oppleving.
Dermed vart staten Israel teologisk viktig, og kristensionismen vart politisk.
– Denne kristensionismen var veldig brei i Noreg, mange såg det som viktig å støtte den israelske staten, fortel han om tida etter 1948.
På denne tida anerkjende ikkje nabolanda opprettinga av staten Israel. Dette gjorde at landet var utsett for krig, og i Vesten oppfatta mange Israel som den svake part i Midtausten.
– Så det skjer eit slags skilje når Israel erobrar Vestbreidda i 1967, fortel Rimehaug.

På denne tida viser Israel at dei ikkje lenger er den svake part, men ei stor militær styrke. Rimehaug fortel at erobringa vart ei politisk sak for høgresida i Israel.
– Det er på denne tida kristensionismen vert meir kontroversiell.
Men mange sto framleis med Israel.
– Fleire meinte at det var oppfylling av profetien og Guds vilje at dei skulle erobre Vestbreidda.
Frå å vere breitt forankra i mykje av den norske kristenheita, er det no i dei mindre og særleg lågkyrkjelege miljø Israelsstøtta står sterkast.
Kristkirken i Bergen er ei av desse.
Rekordår for IKAJ
– Det Israels folk opplevde den 7. oktober var eit traume, reaksjonen til folk var endå eit traume. Men Gud har miskunn med dette folket.
Dag Øyvind Juliussen talar på scena i Kristkirken. Helga etter konferansen i Jesusfellesskapet har IKAJ sin regionskonferanse i Kristkirken. IKAJ har merka støtta spesielt godt økonomisk.

– Gåveinntektene i fjor var historisk, gjennom 45 år, fortel Juliussen.
I 2022 hadde IKAJ gåveinntekter på 16,4 millionar og i 2023 kom det over 17,2 millionar. I 2024 hadde organisasjonen rekordår då dei passerte 24 millionar.
Også Med Israel for Fred (MIFF) og Ordet og Israel fortel til Vårt Land at dei har sett ei tydeleg auke i gåver i 2024.
Juliussen meiner dette er kristne som responderer på antisemittisme og på det han meiner er ein urettferdig krig mot Israel der alle nabolanda ønsker å utslette Israel.
Dette har vore kampsak for fleire israelsvener i mange år.
Viktig sak for fleire enn dei eldre
I salen sit Susann Ludvigsen og følgjer med på Juliussen. For ho er ikkje israelsflagget på scena framand.
– For meg har det ikkje vore så stor forskjell før og etter 7. oktober.

På ein trekross bak lovsongsteamet heng ei davidsstjerne laga av små plastblomar.
– Den laga eg etter 7. oktober for å vise mi støtte.
Ludvigsen er mild i stemma når ho snakkar.
– Vil du kalle deg ein israelsven?
Ho nøler litt.

– Altså, israelsven, då høyrest ein fort ut som ein pensjonist, men ja, eg er det.
Ludvigsen meiner det er lett å sjå for seg den eldre garde når ein høyrer omgrepet, og legg til at dei er flinkast til å møte opp på israelsmøte i kyrkja.
Det gjeld også på denne konferansen, men det er fleire unge til stades.
– Eg håpar at det er på veg til å snu, for det er ein viktig sak for langt fleire.


Det er tydeleg at fleire unge på konferansen har eit anna forhold til tematikken enn dei eldre. Når Vårt Land prøver å få intervjue den yngre garde om temaet, er det vanskeleg å få eit ja. Fleire svarar at dei ikkje føler dei kan nok, eller at dei ikkje vil snakke om dette i avisa fordi tematikken er betent.
Men ein er lett å komme i prat med.
Trur Jesus kjem att snart
Etter kvart samlar eit bøneteam seg på scena.
Bak i salen sit David Bollen (32) frå New Zealand. På beina har han fjellsko og på hovudet ein caps.

– Eg trur at om vi ikkje skjønar Israel i desse dagar, så trur eg ikkje vi vil forstå ein einaste ting i det som kjem til å skje framover.
Bollen er både mild og tydeleg når han fortel.
– Eg trur vi lever i dei dagane Jesus kjem igjen, og han kjem igjen for å frelse sitt folk. Og om vi ikkje vel å stå med Israel, men vel å stå i mot dei, så vel vi å stå i mot Gud.
For han starta det på ei reise frå Cape Town til Israel med organisasjonen Ungdom i oppdrag.
– Heile målet var å komme til Jerusalem, men eg gleda meg ikkje. Eg hadde aldri møtt ein jøde, og eg hadde mykje forakt mot Israel på grunn av at media i New Zealand var så kritiske.

Han fortel at han trudde han hadde skjønt alt, men ein tur til Vestbreidda fekk han til å reflektere over kvifor han tenkte som han gjorde.
– Då starta prosessen der eg byrja å nullstille meg. Gud starta å sette folk i livet mitt som kunne undervise meg om landet og folket.
Bollen fortel at det forandra han.
– Og no handlar nesten alt i livet mitt om Israel.
Var skeptisk til Israel
Bollen var i Israel 7. oktober 2023 og fortel at særleg dei to siste åra har prega engasjementet hans for landet.
– Då eg valde å bli igjen der, så tenkte eg at det kanskje vart det siste og viktigaste valet eg tok i livet mitt.
Han følte seg kalla av Gud til å bli igjen i landet.

– Du trur endetida er nær og at det vert avgjerande om ein står med Israel eller ikkje?
– Ja. Eg meiner Israel må ta tilbake landet Gud har gjeve dei.
Bollen fortel at han meiner landegrensene er viktig for Gud og at han er kritisk til korleis Israel vert framstilt i fleire medium.
– Men du trur ikkje at du kan bli for farga av Israels-sida?
– Nei, eg les jo alt av media. Både BBC, norske media som NRK og VG og israelske media.
Kristne erstattar jødane
I dag er langt ifrå alle kristne opptekne av å støtte Israel, tvert om. Fleire kyrkjer er opptekne av å vise si støtte til Palestina. Dei kan ha ulike teologiske grunngjevingar for det.
– Ei sentral tilnærming har vore det som vert kalla erstatningsteologi. På ein måte er det den klassiske kristne teologien som både Den katolske kyrkja og Luther tok med seg, fortel Erling Rimehaug.
Denne teologien sa at etter at Jesus kom, er det gjennom kyrkja lovnadene til Israel vert oppfylt.
– Kyrkja erstatta dermed jødane som det utvalde folket. Etter holocaust tok mange kyrkjer oppgjer med denne teologien. No er det nok meir solidaritet med den svake og frigjeringsteologi som motiverer støtte til palestinarane, seier Rimehaug.
Skeivt mediebilete
– Eg trur ingenting på at Gud har forkasta sitt folk, for han heldt ordet sitt. Han er trufast. Han har eit løfte til jødane.
Tilbake i Kristkirken er Susann Ludvigsen klår på dette temaet.

– Eg meiner nesten ein kan verte frelst gjennom å studere historia til jødane. At dei lever, at dei framleis er eit folk, er eit skikkeleg mirakel.
Ho legg til at antisemittismen har ført jødar tilbake til Israel etter 7. oktober-hendinga. Men ho føler også med palestinarane.
– Eg trur alle israelsvener synest det er tøft og sjå kva som skjer her, for me har jo omsorg for begge sider. Det er menneskeliv på begge sider.
Ludvigsen fortel at ho meiner det er Hamas som har skulda, men fortel at å vere israelsven ikkje betyr å støtte alt Israel gjer.

– Det er mange gongar eg har begynt å grine fordi eg synest det er så trist det som skjer, og sjå dei sivile på begge sider, det er tøft å observere.
Likevel meiner ho at ikkje alt vert formidla riktig i norske medium og at ho saknar å sjå meir frå Israel si side.
– Norske medium er diverre skremmande skeive.
Meir enn politikk
For Ludvigsen er det andelege perspektivet viktig.
– Gud har sagt at Israel skulle få landet sitt tilbake. Det er sterkt at vi har vore vitne til det, at dei fekk landet tilbake. Og det står i Bibelen at dei skal komme frå heile verda tilbake til Israel og det har vi sett.

Ho er litt forsiktig når ho snakkar.
– Jesus kjem frå dei, frelsa kjem frå dei. Satan hatar dei.
Ludvigsen trur dette er meir enn politikk.
– Det er så tydeleg ein åndskamp.