Bilete av kappekledde 15-åringar drysser over Facebook-feedane våre i desse dagar.
Det er sesong for konfirmasjon. Mange «kyrkjeframande» set sin fot i gudshus landet over.
Korleis står det til med foto-etiketten og den generelle folkeskikken i eit heilag rom?
Kristeligt Dagblad skreiv nyleg om korleis enkelte danske kyrkjelydar har sett seg nøydde til å gi beskjed – for eksempel om at folk må bli på plassane sine under gudstenesta.
– Nokre foreldre synest til dømes at det viktigaste i verda er å følge barnet sitt med kamera, kor enn dei er i rommet, seier soknepresten i Sions kirke i København til avisa.

Ho har òg opplevd at nokon har sprunge rundt lokalet og bak alteret for å få det beste blinkskotet. Og at det står motorsyklar eller store Porschar parkert rett framfor kyrkjetrappa.
I ein annan kyrkjelyd KD har snakka med, instruerer dei på sangarket at folk må sitte på plassen sin, og at bileta må takast utan blitz.
Korleis er oppførselen i den norske folkekyrkja?
Vi har snakka med nokre prestar.
Eg vil at vi skal vere synlege, og trur det kan vere sjølvrekrutterande
— Brage Molteberg Midtsund, digitalprest
Ser eit skifte
– Dette har vore eit tema hos oss i Den norske kyrkja også – men meir for nokre år sidan, og lite i det siste, seier Kjersti Gautestad Norheim.
Ho er sokneprest i Birkeland menighet i Bergen, og har jobba som prest i 23 år.
– Eg må seie at folk stort sett oppfører seg veldig fint, og går inn med respekt for kyrkjerommet og rituala, særleg på høgtidsdagane kor folk har pynta seg.
– Kvifor trur du det er mindre snakk om no enn før?
– Dette blir svogerforsking, seier ho, og forklarar:
– Eg opplever nok at vi har vore gjennom ei forandring. Før var kyrkjerommet eit rom alle måtte forhalde seg til, og kanskje hadde større behov for å opponere mot. Derfor trur eg ein del prestar hadde behov for å gjere det litt meir uhøgtideleg, og dette med fridommen i kyrkjerommet blei løfta opp nesten som eit ideal.
– Dei siste åra har det kanskje vore ei større dragning til at kyrkjerommet skal vere eit annleis rom. Gutar på ungdomsskulen tar av seg capsen, og folk nærmar seg kyrkja på ein litt annan måte, med mindre uro og støy.
Norheim luftar tanken om dette kan henge saman med den generelle trenden om unge menneske som søker til kyrkjerommet.
– Vi kan heller ikkje spelereglane
I kyrkja vil ho nødig lage faste køyrereglar eller befale folk korleis dei skal oppføre seg.
– Med mindre det er strengt nødvendig, legg Gautestad Norheim til.

– Som kyrkje kan det virke litt strengt. Eg trur heller vi bør bruke tid på å informere. Heller fortelle folk kva som skal føregå, utan ein negasjon, at «dette er ikkje lov å gjere».
Å vere tydeleg på korleis gudstenesta føregår, kan gjere folk mindre framandgjorde, trur soknepresten.
– I tida kor nesten alle blei konfirmerte, og ein hadde eit tettare forhold til kyrkja, så var desse tinga kroppsleggjorte, at i kyrkjerommet sit ein stille, og så vidare.
Det er likevel éin arena kor ho iblant ser behov for å seie ifrå.
– Når vi har bore kista inn i bilen etter ei gravferd eller bisetting, er det mange som ikkje veit heilt kva dei skal gjere.
Så, nokre gonger, legg Gautestad Norheim til ei setning, som minner følget på å stå stille til bilen med kista har køyrt forbi.
– Samtidig er mykje av dette eit ansvar vi prestar må ta. Vi kan jo heller ikkje alltid spelereglane når vi går inn på nye arenaar.
Bilete = rekruttering?
Brage Molteberg Midtsund er TikTok-prest (digitalprest i Borg bispedømme, for å vere nøyaktig) og kapellan i Ullensaker.
Med tittelen gir det seg kanskje sjølv han er ganske positiv til at stunder i kyrkjerommet blir foreviga.
– Eg vil vere open – og ønsker eigentleg at minne frå kyrkja blir delt med flest mogleg, seier han.
– Eg vil at vi skal vere synlege, og trur det kan vere sjølvrekrutterande.
Det skulle blitt «rimeleg kaotisk og crazy» før TikTok-presten hadde tenkt at det var ein god idé med formaningar eller offisielle reglar.

Det kan gjere at folk føler seg framande, trur han.
Sjølv har Molteberg Midtsund så å seie ikkje opplevd sjenerande oppførsel i kyrkja – anna enn ei tante som ein sjeldan gong forvillar seg framfor ein konfirmant-prosesjon, eller ein litt ivrig amatørfotograf i eit bryllaup.
– Det er sjeldan eg har opplevd noko forstyrrande. Folk oppfører seg fint.
I starten av ei konfirmasjonsgudsteneste seier presten at det er greitt med bilete når konfirmanten blir beden for. Familien kan reise seg i benken der dei sit.
Etterpå står konfirmanten i «to-tre kleine» sekund, sannsynlegvis nok til at familien opplever at dei får fotomoglegheita dei treng.
Molteberg Midtsund støttar Gautestad Norheim sine refleksjonar om ‘den nye’ respekten for kyrkjerommet.
– Godt tenkt! Det kjenner eg igjen. Vi ser ei heilt anna openheit for kristen tru, det er ei endring i forholdet til kyrkja.
– Ein ser på det som eit annleis rom. Om ikkje ærefrykt er riktig ord, så kanskje respekt for kyrkjerommet, seier han, og påpeiker at dette også er svogerforsking frå hans side.
Generasjonssjarm
– Mitt inntrykk er at folk oppfører seg bra, seier Tor Olav Gauksås, ungdomsprest i Fornebulandet menighet i Bærum.
Der har han jobba i fem år, og anslår på ståande fot at han har hatt over 30 konfirmasjonsgudstenester.
– Og dette er eit heilt minimalt problem.
– Dei fleste brukar ikkje blitz når dei tar bilete. Og i så fall er dei sannsynlegvis så gamle at dei kanskje ikkje hadde fått til å slå den av uansett, seier han spøkefullt.

– Kva trur du det handlar om? At dei forstår kyrkjerommet?
– Litt det. Men vi gjer òg noko eg tippar ikkje alle gjer: Når vi ber for den enkelte konfirmant, så får vi familien og vennene til å reise seg. Då har dei god tilgang til å ta bilde, men det skjer i liten grad. Dei har på eit vis ei rolle. Det kan spele inn.