Skribent og forskar Andreas E. Masvie har konvertert til katolisismen, det skriv han i nyhendebrevet sitt.
Masvie har vore journalist i Minerva, der han mellom anna i Reportasjeserien «Den nye kristendommen» såg nærmare på utviklingstrekk i norsk kristendom, og særleg på desse to:
- Liberaliseringa av konservative protestantiske miljø
- Den uventa – og tradisjonelt orienterte – katolske renessansen
No har altså Masvie sjølv blitt ein del av denne renessansen.
Vårt Land har vore i kontakt med Masvie over tid, men han har ikkje ynskt å stille til intervju om konverteringa på noverande tidspunkt. I staden vil han dela refleksjonar via ein Substack, ei nyhendebrevteneste. Heller ikkje til avisa Dagen har han villa uttale seg.
«Den fyrste serien blir ei gjennomarbeidd forteljing om mi (vår) reise mot katolisismen. Etter fleire førespurnader frå media har eg bestemt meg for å gjera det på mine eigne premiss. De som les dette nyhendebrevet har fått nokre brotstykke undervegs, men målet er ei meir heilskapleg og inviterande framstilling av konverteringa og vegen vidare» skriv han i nyhendebrevet, i fylgje Dagen.
Masvie jobbar for tida med ein doktorgrad i teologi og religion ved Oxford, der han forskar på korleis klassiske fag, kyrkjefedrane, politikk og teologi heng saman.
Masvie har vore bokmeldar og essayist for Vårt Land.