Religion

Han skal leie årets kristenruss: – Ungdom søkjer etter noko meir

KRISTENRUSS: Krussepresidenten vil skape ein stad der alle kan kjenne seg trygge under russefeiringa og utfordre «drikkepresskulturen».

– Eg trur ein generelt ser at ungdom søkjer etter noko meir.

Det seier Lukas Leonard Østerberg, årets «krussepresident», til Vårt Land. Han har fått oppgåva å vere leiar for all kristenrussen i landet under årets russefeiring.

I fjor skreiv Vårt Land om at det då var fleire kristenruss enn på 14 år – ein tendens som ser ut til å halde fram i år.

– Eg kan ikkje seie nøyaktig talet på kristenruss. Sist eg sjekka var me omtrent 700 medlemmar i Krussen, men av erfaring er det fleire som er med som ikkje har meldt seg inn, seier Østerberg.

Organisasjonen Krussen er eigd av Bibelselskapet, Ungdom i Oppdrag og Laget.

Søkjelys på noko «litt anna»

Krussepresidenten fortel at dei i Kristiansand byrja feiringa 11. april.

– Det har pågått ei veke no, og det går veldig bra. Det er fullt kjør med både feiring og skule, fortel han.

– Kven er kristenrussen?

– Kristenrussen er som vanleg russ og har ei heilt vanleg feiring som alle andre etter 13 års skulegang. Men me ønskjer i tillegg å sette søkjelys på noko litt anna. Kort forklart ønskjer me å vere lys for andre, spesielt i ei tid mange kan kjenne som mørk. Mange kristenruss tek valet om å ikkje drikke, men det er også folk med som drikk og som ikkje er kristne, fortel han.

Østerberg og resten av krussen ønskjer å skape ein kultur der ein tek vare på kvarandre og der alle kan føle seg trygge.

– Krussen har verdiar frå kristendommen, men alle kan vere med. Me ser dei som treng å bli sett, eller som ikkje kjenner seg velkomne andre stader, seier han.

Vil utfordre drikkepresskulturen

– Kvifor trur du det er fleire kristenruss no enn før?

– Fleire og fleire ungdom søkjer etter meir tryggleik. Me har lenge hatt ein kultur i Norge, men også i russekulturen, med ein del drikkepress og kjipe ting som har skjedd. Eg trur i alle fall krussen og organisasjonar som tilbyr noko anna kan opplevast som trygge, seier han.

Han trur også at det kan vere ein del av tendensen der fleire unge søkjer seg til kyrkja,

– I tillegg er det heller ingen kriterium for å bli med, seier han.

Lågterskeltilbod

Østerberg er oppteken av at alle skal få vere med, og krussen har derfor opne arrangemnet der alle er velkomne – uavhengig av tru.

– Det skal vere låg terskel å komme på våre arrangement. Om det er eit kristent møte med lovsang og taler, så kan dei som ikkje vil vere med på det, komme etterpå. Me vil at folk skal komme som dei er, seier han.

– Kva kan krussen bidra med til russefeiringa trur du?

– Krussen har mykje gode eigenskapar. Eg har snakka med tidlegare kruss som fortel at det er mange som kjem til krussen på russefeiringar for all russ. Det trur eg er fordi dei kjenner det er ein god plass å vere, og ein stad som er trygg for alle. Me vil spreie glede og godleik for dei rundt oss, seier Østerberg.

Sjølv gler han seg til resten av russefeiringa og er takksam for å få vere president for kristenrussen.

– Det er utruleg stas. Det er eit ansvar ein vert given, og så tenkjer eg at eg er heldig med at eg har ein Gud som veileder meg i leiarrolla, og at eg har gode folk rundt meg. Det er ei velsigning og ei glede, seier han.


Tuva Hjeltnes

Tuva Bull Hjeltnes

Tuva Bull Hjeltnes er journalist tilknyttet nyhetsavdelingen i Vårt Land

Mer fra: Religion