I ei pressemelding skriv Kirkelig Fellesråd i Oslo (KfiO) at Vår Frelsers gravlund «Norges viktigste æreskirkegård, skal forbedres og bevares». Ein del av planen er at eit nytt administrasjons- og servicebygg skal oppførast i Akersbakken 32.
Den 200 år gamle gravlunden er kvilestad for mange kjente nordmenn, mellom anna Henrik Ibsen, Bjørnstjerne Bjørnson og Edvard Munch.
No kan den kanskje også bli møtestad for Oslo-borgarar og andre besøkjande. I pressemeldinga står det nemleg at «KfiO ønsker også å gi rom for andre funksjoner som understøtter bruken av området» som kan bli «en møteplass for besøkende og nabolaget».
Mogleg med kafedrift
– Kva er denne «møtestaden»? Kan det for eksempel bli kafe der?
– Det er noko me skal undersøke framover, men tanken er at det skal vere moglegheit å komme dit og at det blir ein møteplass, og då er kafefunksjonen veldig aktuell, seier arkitekt Øystein Rø i arkitektkontoret Transborder Studio, som er rådgjevar for KfiO-prosjektet på Vår Frelsers Gravlund.
Arkitektkontoret har tidlegare jobba med fleire historiske eigedomar i Oslo, mellom anna Oslo Hospital, Landbrukskvartalet, Nobels fredssenter og Holocaust-senteret.

Planen er at det skal vere eit kontorbygg for folk i Kirkelig Fellesråd og gravplassetaten, men i like stor grad ein stad der folk som er på besøk på gravlunden kan ta ein kaffi. I tillegg er det eit tilbod til nabolaget, som kanskje får eit lite bydelshus, ifølgje Rø.
– Har ikkje brukt ordet kafe
– Dette er Kirkelig fellesråd sin ide og initiativ, seier Kjetil Haga, kyrkjeverge i KfiO til Vårt Land.
Haga fortel at det i hovudsak er eit kontorbygg for fellesrådet og driftsbygg for gravplassetaten, men at dei i tillegg ønskjer å tilrettelegge for eit ope rom der besøkjande kan møtast for å ta ein prat.
– Men me har ikkje brukt ordet kafedrift i våre samtalar, seier han.
Haga seier at dette i første omgang er ei planskisse, og at dei må søkje om omregulering der dei må presentere ein overordna plan for kommunen.
– Me har nær dialog med bydelane i Oslo knytta til å samarbeide og tilrettelegge for åpne verestader for befolkninga. Me ønskjer å vere i tett dialog med kommunen og bydelen om korleis dette kan vere eit positivt tiltak.
– Vil aldri legge til rette for konflikt med gravplassen
– Kven skal i så fall stå for drifta av denne opne møteplassen?
– Om dette er noko kyrkja skal ha ansvar for, eller nokon andre, det er på eit for tidleg stadium til å seie noko om. Me har førebels kalla det eit moglegheitstudium, seier han.
Haga fortel at dei ser fleire brukar gravplassane aktivt, og at dei i samband med dette vil skape eit «ope og raust rom».
– Arealet kan også fungere som eit informasjonssenter knytt til både Vår Frelsers gravlund og pilegrimsleden som går rett forbi. Me vil aldri leggje til rette for noko i dette bygget som kan komme i konflikt med gravplassen, seier Haga.
– Gravplassene er det viktigaste
– Trur du dette kan oppfordre til annan bruk av gravlunden som ikkje er respekterer dei gravlagde og pårørande?
– Der er du inne på interessant spørsmål. Vår Frelsers gravlund vert brukt til mykje, også til andre ting enn å gravlegge folk. Det er eit rekreasjonsområde som mange går gjennom på veg til jobb eller på turar i helgene, og det er også ein turistattraksjon og ein destinasjon der ein kan lære om norsk historie. Tanken til Kirkelig Fellesråd er å understøtte alle dei funksjonane denne gravlunden har, seier arkitekt Rø.
Han peiker på at Vår Frelsers gravlund har ei unik historie og det er interessant å tydeleggjere og løfte opp denne. Det finst mange forskjellige kyrkjegardar rundt om i verda som i større grad er destinasjonar, seier han.

– På kyrkjegarden er gravplassen sjølvsagt det viktigaste, og det kjem det til å fortsette å vere. Det er viktig å understreke at dette blir på gravplassen sine premiss, så det blir ikkje ein radikal endring av funksjonen eller karakteren til staden. Planen er ny inngang mot nord, som lettar passasjen frå St.hanshaugen. Det handlar om tilgjengelegheit og forbetring av fasilitetar, seier han.
Kritisk til soling og grilling
– Eg trur ikkje det kjem til å bli ein konflikt rundt dette, men det kjem heilt an på korleis teikningane blir. Om bygget skal komme der husa på nordsida av gravlunden ligg no, er dei så lang unna at dei ikkje er sjenerande, seier Petter Stocke-Nicolaisen, som bur rett ved gravlunden.
Han har tidlegare vorte intervjua i Dagbladet om det han meinte var ein respektlaus bruk av Vår Frelsers gravlund, og viste til folk som grilla og solte seg på gravlunden.
Stocke-Nicolaisen meiner ei mogleg kafedrift på området gjer det desto viktigare at ein er tydleg på kva som er innafor og ikkje på ein kyrkjegard.
– Eg begriper ikkje at dei ikkje kan vere endå tydlegare på kva som er forskjellen på ein kyrkjegard og ein park, seier han.