Religion

Pavens statsminister velsigna capsen til Magnus (17) og Hallvard (21)

MESSE: Unge norske katolikkar feira vigslinga av den nye norske biskopen. Søskenparet Magnus Benedikt og Hallvard var meir frimodige enn dei fleste.

– Me var freidige då me gjekk bort til kardinalen med den capsen. Det var litt skummelt. Men han tok det med godt humør, seier Magnus Benedikt Hareide.

Han og broren Hallvard Hareide har kvar sin caps med logoen til eit norsk selskap. Den har dei unge katolikkane kjøpt på internett, fordi namnet på selskapet er det same som til pavens høgre hand Pietro Parolin.

Laurdag var kardinalen i Oslo for å vigsla Fredrik Hansen som ny biskop av Oslo katolske bispedømme.

Då såg brørne sitt snitt til å ta med capsen. Det fall i god jord hjå den italienske kardinalen.

– Parolin velsigna capsen med vievatn, og skreiv signaturen sin på, smiler Hallvard.

v

Vårt Land møter brørne i lokala til Norges Unge Katolikker i Mariagården i Oslo. På storskjerm fekk dei følgja seremonien i St. Olavs domkyrkje, eit steinkast unna.

Konverterte i fjor, har stor tru på ny biskop

Etter vigslinga feira unge katolikkar med pølser, kaffi og bakst. Mange gjekk målretta mot kaffien etter ei heller lang affære – messa vara i godt over to timar og mykje føregjekk på latin.

Det plaga ikkje Jesper Bjertnæs. 18-åringen frå Bærum utanfor Oslo har vore katolikk i knapt eit år.

– Seremonien var veldig vakker. Eg likte spesielt godt den lange delen der ein ber om forbøn for alle helgenane.

Han er døypt og konfirmert i Den norske kyrkja, men konverterte til Den katolske kyrkja i mars i fjor.

– Eg las mykje kyrkjehistorie. Dess meir eg sette meg inn i historia, dess meir såg eg som skurra med Den norske kyrkje.

Bispevigselmesse i St. Olav domkirke i Oslo.

Han seier han sakna ei kyrkje som hadde meir kontakt med eigen arv, og som stod for eit tradisjonelt syn på kjønn og ekteskap.

18-åringen har eit godt innrykk av den nye biskopen, 45 år gamle Fredrik Hansen frå Stavern.

– Det er positivt at han er litt ung. Me kan koma til å ha 30 år framfor oss med ein god biskop.

– Kva håpar du den nye biskopen skal ta tak i?

– Eg håpar han skal løfta liturgien enda meir, og gjera den meir tradisjonell.

Bispevigselmesse i St. Olav domkirke i Oslo.

Treng biskopen som ein god hyrde for dei unge

– Eg har eit godt inntrykk av den nye biskopen. Han er stoisk, men har også glimt i auga, seier Vivian Phan. Ho er tidlegare leiar i Norges Unge Katolikker.

Ho håpar den nye biskopen vil legga til rette for meir samarbeid med unge katolikkar.

– Eg håpar at kyrkja vil investera meir i nye generasjonar. Det er me som skal ivareta den to tusen år gamle arven.

Ho seier mange unge opplever det som stadig meir vanskeleg å vera religiøs.

– Me får mange rare spørsmål og kan nesten bli sett på som dumme fordi me er religiøse. Då er det viktig å ha biskopen som ein god hyrde som kan verna om dei unge i kyrkja.

Bispevigselmesse i St. Olav domkirke i Oslo.

To konvertittar vart katolsk biskop

Både biskop Fredrik Hansen og hans forgjengar Bent Eidsvig er konvertittar med norske røter. Samstundes er den katolske kyrkja svært mangfaldig i Noreg. Store grupper har røter frå Aust-Europa eller Asia.

– Eg trur me vil sjå fleire fleirkulturelle prestar og på sikt biskopar i tida som kjem, seier Phan.

Også dagens leiar i Norges Unge Katolikker, Stephen Trotter, ser mangfaldet. Sjølv har han på seg skotsk kilt, sidan han er skotsk frå farssida.

– Norske katolikkar er ei mangfaldig gruppe. Me merker det når me er ute og reiser. Folk trur ofte ikkje det er ein norsk delegasjon dei ser, når dei ser oss.

40.000 katolikkar under 25 år

Stephen Trotter var 15 år då han følgde ordinasjonen av Bernt Eidsvig. No har han sett seremonien til hans etterfølgar, som ein av dei heldige som fekk plass inne i St. Olavs domkyrkje.

– Det var veldig spesielt. Det var både universelt med bruk av latin, men også med eit sterkt norsk salmepreg.

Han fortel at det er over 40.000 katolikkar i Noreg som er under 25 år.

– Me har ein ungdomsbølgje på veg inn i kyrkja. Eg tenker det viktigaste blir å halda på dei nye som kjem inn. Mange fell frå etter konfirmasjonen eller når dei flytter heimanfra.

Bispevigselmesse i St. Olav domkirke i Oslo.
Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er nyhetsjournalist i Vårt Land. Hun skriver ofte om klima, landbruk, distrikt, abort, politikk, økonomi og ulikhet. I tillegg har hun skrevet flere reportasjer med tidsvitner til Norges nære historie. Hun har over 20 års erfaring som journalist, master i økonomisk historie og har skrevet en bok om barnefattigdom.

Mer fra: Religion