Ei fargerik jul

Vintersola strekk seg innover dei blanke vindauga i den nyrestaurerte Korskyrkja i Bergen. Det er vesle julaftan og på innsida av kyrkja er det like travelt som i gatene i byen. Her er frivillige i full sving for å gjere klart til julefeiring.

– Eg føler liksom dette er mi jul.

Camilla Grimsby veit godt kva som må fiksast. Ho kjenner denne julefeiringa godt, ho har både jobba i Kirkens Bymisjon og vore frivillig i mange år. Og etter alle åra med jul i Kirkens Bymisjon, har ho opplevd mykje julemagi. Ho fortel at dette er det jula handlar om.

Jul med Kirkens Bymisjon i Bergen.

– At kjærleiken kjem til jorda på julaftan. Og tenk så deilig å spreie det ut til folk som kanskje har ei jul som ikkje er heilt topp.

– Men dei fleste får jo den gode jula, og den er her, seier ho og smiler.

Ho ser seg rundt i den nyrestaurerte kyrkja og fortel at det er veldig spesielt å få vere tilbake i Korskyrkja, som har vore stengt i nesten to år. Det er her ho har dei fleste juleminna frå.

Jul med Kirkens Bymisjon i Bergen.

Viktig tradisjon for mange

Camilla Smiler når ho møter på Mohammed Aneeny. Dei har blitt kjend gjennom å vere frivillige på den tradisjonelle julefeiringa saman i fleire år.

– Det betydde mykje for meg å få komme her. Eg vart kjent med andre folk frå andre religionar og med andre tradisjonar.

Aneeny kom som flyktning frå Palestina i 2006. Nokre få år etter han kom til landet, oppdaga han julefeiringa i Korskyrkja og vart gradvis aktiv som frivillig. Her vart han kjend med Camilla og fleire andre og har no feira her over ti gongar.

Jul med Kirkens Bymisjon i Bergen.

– Her kjem det mange folk med ulike stader og nasjonalitetar.

Han er sjølv muslim, men det set ikkje noko stoppar for å stelle i stand julefeiring i kyrkja.

– Alle har sin religion, men den bør ikkje ekskludere andre. Vi er først og fremst menneske.

Han håpar han kan vere med å bidra til at dei som kjenner seg einsame, kan komme saman.

Jul med Kirkens Bymisjon i Bergen.

Det ynskjer også Laila Tjelta som er med som frivillig for første gong i år.

– Eg er her fordi i år er eg åleine, så då tenkte eg det kunne vere fint å bidra til at andre får ei fin jul, fortel ho.

Ho fortel at ho er litt spent, men håpar og trur at det vert ei fin feiring.

Jul med Kirkens Bymisjon i Bergen.

– Er det berre fint, eller kan det vere utfordrande også?

– Både og. Eg tenkjer at når eg ikkje skal feire den «vanlege» jula, så vil eg gjere noko heilt anna.

Eit møtepunkt i fleire hundre år

Korskyrkja i Bergen vart første gong opna i 1150, noko som gjer kyrkja til den eldste ståande kyrkja i Bergen.

Sida den gong har den stått som ein kross i sentrum av byen. I starten av desember vart kyrkja opna etter å ha vore under oppussing sidan 2015, og dei siste 22 månadane heilt stengd. No har kvar krik og krok blitt fiksa.

– Det å få komme tilbake til Korskyrkja betyr mykje for oss, fortel Arne Liljedahl Lynngård i Kirkens Bymisjon i Bergen.

Jul med Kirkens Bymisjon i Bergen.

Han peikar stolt opp på eit blankt orgel som har blitt gjort heilt nytt.

Korskyrkja har i mange år vore drive av Kirkens Bymisjon, noko Lynngård gler seg over.

– Vi er veldig takksame for å få lov å drive Korskyrkja, fortel han og legg til at det ikkje er noko sjølvfølgje. Før var kyrkja ein vanleg bykyrkje, men frå 2002 er det organisasjonen som har stått for drifta medan kyrkja har vore ein del av Bergen Domkyrkje forsamling.

Jul med Kirkens bymisjon

– Dette har vore ein møtestad heilt sidan 1100-talet, så det gjev eit perspektiv, seier han og smiler.

Han fortel at det er stort å få lov å vere ein del av denne lange historia.

– Og så har denne kyrkja vore dei fattige si kyrkje, og det passar godt til det vi driv, diakoni.

Jul med Kirkens Bymisjon i Bergen.

---

Kirkens Bymisjon

  • Norsk, diakonal stifting som vart oppretta i 1855
  • Driv sosialt arbeid på kristen humanistisk grunnlag
  • Arbedsfelta er mangfaldsarbeid, rusomsorg, familiearbeid, barnevern, psykisk helsetiltak, prostitusjonstiltak, arbeidstiltak og kyrkjelege aktivitetar.
  • Driv på landsbasis ca. 200 små og store tiltak og er til stades i over 50 byar.
  • I Bergen står Kirkens Bymisjon for drifta av Korskyrkja.

---

Området rundt Korskyrkja har vor ein belasta stad, og fram til nyleg ei open russcene. For Kirkens Bymisjon har det vore viktig å vere ei kyrkje som har hatt dørene opne for dei som har trengt det.

– Vi går inn i tradisjonen som Korskyrkja har hatt i fleire hundre år.

Jul med Kirkens Bymisjon i Bergen.

Ei mangfaldig jul

Kyrkjerommet vert fylt av pianospel, borddekking og kosting. No er alt snart klart for å ta i mot gjestane. Det er førebels 115 påmelde, men dei har bestilt mat til 250. Lynngård fortel at erfaringsmessig melder ikkje alle seg på, men dei er klare for å ta i mot likevel.

– Kven er det som typisk kjem og feirar jul her?

– Eg trur ikkje eg vil sei at vi har ein typisk gjest, for det er så mangfaldig. Det er unge, gamle, familiar og einslege.

Jul med Kirkens Bymisjon i Bergen.

Han fortel om at folk kjem med heilt forskjellig bakgrunn.

– Nokon kjem fordi dei ynskjer ei alternativ julefeiring, nokon fordi dei ikkje rekk å reise heim. Nokon har kanskje brotne familieband, nokon er flyktningar eller asylsøkjarar.

– Det er eit mangfaldig og fargerikt fellesskap her.

Jul med Kirkens Bymisjon i Bergen.

Lynngård smiler når han fortel om gleda og energien i juletregangen med alle dei forskjellige gjestane.

– Folk har valt å vere her og har lyst å vere her og gler seg til å komme. Det vert ofte nokre magiske juleaugneblink.