I Oslo bispegard fører ei lita trapp ned til ei tung dør. Over inngangen heng Oslos vernehelgen, sankt Hallvard, med dei kjente symbola i hendene – tre pilar og ein kvernstein. Biskop Kari Veiteberg går ned trappa og slår på lyset i rommet som ikkje har vindauge.
Dette er kapellet i bispegarden, krypten. Oslos eldste møblerte rom, ifølgje biskopen. Ein gong var det ein del av Olavsklosteret som bispegarden er bygd på. Hit har biskopen ofte gått på måndagar når veka startar, eller når ho har arbeidd med vanskelege saker.
Bakarst på ein stol hentar ho eit lite teppe og ei pute som ho set seg på i midtgangen, på kne. Slik sit ho ofte i ein halv time for å komme inn i stilla under den kvite steinkvelvingen.
Tilbyr andre kyrkjesamlingar
Når ho ved nyttår går av som biskop i Oslo bispedøme, får ho den ærefulle tittelen biskop emerita. Då er ho ferdig i arbeidet som biskop, men ho er ikkje ferdig som prest. Den lilla bispeskjorta vert bytta ut med svart presteskjorte, og ho går attende til rolla som bymisjonsprest i Tøyenkyrkja. Det ser ho fram til.
Tredje sundag i advent heldt ho si siste preike som biskop, i Oslo domkyrkje. No står eitt oppdrag att: å lese juleevangeliet for gatefolket som deltek på Alternativ jul på julaftan. Dette har ho gjort i dei fleste av sine bispeår.
I år har fleire skuleleiarar, mellom anna i Oslo, vore usikre på om dei har hatt lov til å ta skulen til gudsteneste før jul. Når biskopen har visitas i sokn, møter ho skuleleiarar saman med tilsette i lokalkyrkja. Rektorane fortel at dei slit med at skulegudstenester splittar klassane. Nokre elevar går til gudsteneste, medan andre har program på skulen. Då har Veiteberg og staben nærma seg dette frå ein annan kant:
– Vi har prøvd å lese oss inn i læreplanane og møte skuleleiinga på ein litt annan måte. I sjette klasse er sorg og død eit tema. Kva med å gå symboljakt på kyrkjegarden eller i kyrkjerommet? Under pandemien hadde vi adventsvandringar utanfor kyrkjebygget. Samtalen om skulegudstenesta har eigentleg opna for fleire invitasjonar til skulane. Vi har òg sagt til fleire skular at dersom vi droppar jul, kan vi heller ta påske. Då er det mykje å snakke om.
Biskopen fortel om eit utvida samarbeid som mange skular ynskjer velkomen.
– Vi er gode på dette, seier ho fornøgd.
Samtalen om skulegudstenesta har eigentleg opna for fleire invitasjonar til skulane
— Kari Veiteberg, biskop
Framkalla påskelatteren
Kva er minneverdige augeblink frå sju år som biskop?
Det er fyrste påskedag 1. april 2018. På kyrkja sine «førstedagar» i høgtidene er det Oslo biskop som preikar i Oslo domkyrkje. Difor står Kari Veiteberg på preikestolen. Som ny biskop skal ho halde si fyrste påskedagsgudsteneste. Ho ber kyrkjelyden hjelpe til med å fortelje ei historie. Når biskopen leverer sluttreplikken, ler kyrkjefolket godt. Biskopen har oppnådd det ho ville – å få fram påskelatteren – risus pascalis.
– Påskelatteren er ein tradisjon som vi finn i mellomalderkyrkja. Etter ein lang faste var det viktig å opne opp for feiringa. Å få fram gleda, det er det som er forkynnaren si kunst, seier Kari Veiteberg.
Eit anna minne er då ho på visitas vitja Bekkelaget kyrkjelydsbarnehage, sør i Oslo. Ho hadde på seg bispekåpa. Barna kraup inn i kåpa, og lokalavisa tok bilete.
– Det biletet gjer meg så glad – ungane som leikar i bispekåpa.
---
Kari Veiteberg
- 63 år, frå Stord
- Utdanna teolog
- Vart dr.theol. i 2006 med avhandlinga Kunsten å framføre gudstenester. Dåp i Den norske kyrkja.
- Biskop i Oslo 2017 – 2024.
- Startar som bymisjonsprest i Oslo 1. januar 2025.
---
Terror i bispedømet
Tre av terroråtaka som Noreg har opplevd, har skjedd i Oslo bispedøme. To har komme i Kari Veiteberg si bispetid. Då ein ung mann drap systera si og gjekk til åtak på moskeen Al-Noor Islamic Centre i Bærum, var ho på ferie. Eiksmarka kyrkje opna dørene og biskopen reiste dit.
– Det å møte ansikta til dei ungdommane som var i den kyrkja, som er nabo til Johanne og Philip M., det sit i meg enno. Det var ikkje mykje å seie, men det å opne eit rom å vera saman i var sterkt. Vi har faktisk rom i kyrkja vi kan opne opp for eit nabolag til berre å vere.
I juni 2022 var det Pride i hovudstaden, og Veiteberg held hageselskap i bispegarden fredag den 24. Dei inviterte var eldre menneske i skeive organisasjonar, mellom anna Åpen kirkegruppe og dei ho kallar «uthaldande kristne» som hadde stått i kampen for homofile sine rettar.
– Eg har som biskop vigsla, ordinert og tilsett mange skeive medarbeidarar. Eg trur mange med LHBT+-identitet har kjent at dei kan vera trygge på Oslo-biskopen.
Natta etter gjekk terroristen til åtak London pub og drap to menneske. Då var biskopen reist til Island og klarte ikkje å komme raskt attende til Oslo.
– Det var frykteleg vondt og opprivande, ikkje minst å vere vitne til kor skjørt dette er. Vi trudde det var trygt å vere open skeiv i Oslo. Det gjorde inntrykk på mange av venene mine: «Skal vi ikkje vere trygge likevel?».
Kvart år har ho deltatt i minnegudstenesta I Oslo domkyrkje etter terrorangrepet 22. juli 2011 i regjeringskvartalet og på Utøya. Støttegrupper og pårørande fortel henne at gudstenesta og lystenninga er viktig, ikkje minst for å bli minna om kva ein stadig skal ta avstand frå.
Skryt av sokna
Kari Veiteberg syner oss rundt i den gamle bispegarden. Her har det vore biskopar sidan år 1070. Den siste som budde i huset var Andreas Aarflot. Ifølgje Veiteberg har han sagt at det var dei kaldaste åra i livet.
Vi går gjennom den store spisesalen med store måleri på veggane. Salen har store vindauge mot sør, mot fjorden. Nokre steinkast i den retninga bur ho sjølv. Området ropar kyrkjehistorie og byhistorie. Like nedanfor bispegarden ligg ruinane av St. Hallvards-katedralen og like bortanfor restane av Clemenskyrkja.
Sjølv skreiv ho historie då ho vart den første kvinna som biskop i Oslo. Kyrkja i Noregs mest folkerike bispedøme ligg langt frå i ruinar når ho snart forlèt bispestolen.
Eg vonar at eg har vore ein biskop som har opna rom for tru
— Kari Veiteberg, biskop
– Kva trur du vert ettermælet ditt?
– Eg vonar at eg har vore ein biskop som har opna rom for tru. Eg møter ein del menneske som fortel meg det, og det gjer godt å høyre. Eg vonar at ettermælet mitt er at eg har halde fagteologien høgt. Eg vonar òg at medarbeidarane mine har kjent seg trygge og verdsette, vorte anerkjende.
– Kva er du mest stolt av?
– Eg tykkjer det er veldig spanande at eg i Døveprostiet har fått ordinere den fjerde presten, som faktisk er døv, som har teiknspråk som sitt hjartespråk. Eg tykkjer òg at desse drop-in-dåpane sit att som særs spesielle historier. Av og til er det viktig å gi høve til slikt.
Nåde til å teie
Kari Veiteberg har ikkje komme gjennom si bispegjerning utan å verta kritisert. Mellom anna for:
- å legitimere sex før ekteskapet i boka si Store spørsmål – korte svar.
- å åtvare mot nettsida identitetogseskualitet.no
- å oppfordre til boikott mot Israel
- å ha tilrådd teaterstykket Ways of seeing
- å påstått ikkje tru på Bibelen
At nokon har meiningar om henne meiner ho høyrer til stillinga.
– Då er det viktig å ha nåde til å teie.
Ein kritikk som ho ikkje har svart på, er frå sjukehusprest Aud Irene Svartvasmo, som i Vårt Land skreiv: «Ho har gjort mye godt offentlig, men også denne biskopen har skuffet meg i indretjenesten.»
– Eg har ingen kommentar til det, for eg veit ikkje kva som ligg bak. Det handlar vel litt om at presten tykkjer det er greitt å få sparke oppover. Det er trist viss ho er vonbroten, men ein biskop vil heilt sikkert gjera at nokon kjenner seg vonbroten.
– Kvifor?
– Fordi ein biskop har tilsyn over så mange. Eg tykkjer det er veldig rart, og nesten umenneskeleg, viss det skulle vere biskopar som ikkje vonbryt nokon. Men eg vonar vi har ein god tilbakemeldingskultur der vi kan komme med innspel som gjer oss gode. Sjølv har eg fått så mykje anerkjenning at viss nokon gir meg litt kritikk, er det heilt greitt.
Ein utmattande organisasjon
– Kva har vore det mest krevjande som biskop?
– Heile organiseringa av Den norske kyrkja tykkjer eg har vore vanskeleg og utfordrande. Det er ein veldig komplisert og kompleks organisasjon. Byråkratiet i kyrkja vår er utmattande for folk, inkludert meg sjølv. Å svare på til dømes alle høyringane er utmattande for menneske som sit i sokneråd.
Byråkratiet i kyrkja vår er utmattande for folk, inkludert meg sjølv
— Kari Veiteberg, biskop
Den norske kyrkja har enno ikkje komme i mål med organisering og rolleavklaring mellom embete, råd og folkevalde. Det er òg utfordringar i dei to arbeidsgjevarlinene i Den norske kyrkja.
– Kor akutt er det å få ei betre organisering av kyrkja?
– Det er akutt i den forstand at det er heilt nødvendig. Kutta som kjem no er nødvendige. Det vonde er at det skaper uro, og eg skulle gjerne vore her og stått i det.
Vårt Land møter Kari Veiteberg dagen etter at etterfølgjaren, Sunniva Gylver, er utpeikt.
– Sunniva er ein prest som vi i Oslo bispedøme er veldig stolte av. Sunniva har ei evne til å ha eit stort nedslagsfelt. Eg har møtt henne på Korsvei, og eg har sett eit utruleg viktig klima- og miljøengasjement.
Sturla Stålsett var favoritten til biskopane og bispedømerådet. Han er gift med Kari Veiteberg si syster. Då Veiteberg vart utnemnd til biskop i 2017 var han også kandidat, men tapte mot svigerinna.
– Har du trøysta svogeren din?
– Nei, men eg vonar kona har gjort det.
Det som utløyste påskelatteren
Kva er historia Veiteberg fortalde fyrste påskedag, som utløyste latter i Oslo domkyrkje?
– Du går inn på eit kjøpesenter og skal kjøpe ei saks. Men mannen bak disken er døv. Kva gjer du då? spør Kari Veiteberg kyrkjelyden. Folk i kyrkjelyden klipper med hendene: Saks.
– Riktig, det var det eg visste, de er til å stole på. Så går du vidare og skal kjøpe ein hund. Men ho bak disken er blind. Kva gjer du då? spør biskopen, som no snakkar fortare. Det kjem høglydte bjeff – «voff, voff» – frå kyrkjelyden.
– Du kunne jo berre sagt at du ville ha ein hund, seier Kari Veiteberg.
Kyrkjelyden har gått på aprilspøken. Risus pascalis spreier seg i kyrkja.