Vil førebu kyrkja på vekking i Noreg

– Gud kallar oss til å påverke heile samfunnet i hans namn.

Med høg og tydeleg røyst talar Dario Scuoppo til ein engasjert forsamling i Credokyrkja i Bergen.

– Dette er vekking! Amen?

– Amen, kjem det frå fleire i salen medan dei applauderer.

Revival School i Credo 30. november.

Medan ein tolk omset det den italienske predikanten ropar ut til folket, står han og forkynner om ei vekking som er på veg til Noreg. Ein laurdag i månaden det neste året, er Credokyrkja i Bergen vertskap for Revival School.

– Dette er ikkje ein skule der du kan få vekking, men det skal førebu til vekking med fokus på dåpen i Den heilage ande og eld, fortel pastor Olav Rønhovde.

Han fortel at Revival School vert arrangert av Jean-Luc Trachsel, ein sveits-basert vekkingspredikant. Rønhovde fortel at Trachsel fekk eit kall då han var seks år, om at han skulle vere med å bringe Europa til frelse.

– Det var livskallet hans, fortel pastoren.

Og no hadde Trachsel fått Nord-Europa på hjartet.

– Det er noko som rører seg i Noreg for tida, fortel Rønhovde.

Revival School i Credo 30. november.

---

Credokyrkja

  • Fleirgenerasjonskyrkje i Bergen med karismatisk og konservativ teologi
  • Heitte tidlegare Levende Ord Bibelsenter
  • Olav Rønhovde er hovudpastor
  • «Credo» er latin og betyr «Eg trur»
  • I 2023 var medlemstalet 1042, kyrkjelyden oppgav same år at dei hadde 2000 besøkjande kvar veke.
  • Kyrkja driv med gateevangelisering og misjon i fleire land.

---

Større enn jesusvekkinga på 70-talet

Inne i salen står Olav Rønhovde engasjert på fremste rad ved sida av andre pastorar og følgjer med på predikantane som oppfordrar forsamlinga til å ta i mot elden til Den Heilage Ande.

– Trur du det er ei vekking på veg?

– Eg trur det er ei gryande vekking.

– Det har ikkje skjedd noko liknande sida Jesusvekkinga på 70-talet, fortel Rønhovde.

Revival School

Pastoren fortel at han sjølv var med å oppleve vekking då han gjekk på bibelskule hjå Livets ord i Sverige på 80-talet. No meiner han at han ser dei same tendensane.

– Men eg trur det vert mykje større og breiare.

Rønhovde fortel at då han var yngre, rørte det seg i meir konsentrerte miljø. No fortel han at han har eit inntrykk av at det skjer litt over alt.

– No høyrer ein om det same i indremisjonen, blant pinsevener og alt der i mellom.

Ein motreaksjon

– Nokon vil meine at dette er ein motreaksjon på eit «rammelaust» samfunn. Kva tenkjer du om det?

Pastor Olav Rønhovde nikkar medan han får spørsmålet.

Eg veit ikkje om det er så lett å skilje på kva som er vekking og kva som er motreaksjon. Gud brukar ofte det som skjer i samfunnet.

Han fortel at Gud vil nå menneske og at det er difor han brukar det som skjer i samfunnet.

– Når då menneske vender seg mot Gud når ein kunne vendt seg mot noko anna, så vil ikkje eg berre definere det som ein motreaksjon, men som ei rørsle frå Gud.

---

Revival School

  • Ein skule med fokus på vekking og læking
  • Rundt 500 påmelde
  • IAHM (International Association of Healing Ministries) er hovudarrangør
  • Starta av den sveits-baserte vekkingspredikanten Jean-Luc Trachsel
  • Er arrangert i Sveits, Frankrike og Noreg.
  • Går føre seg ein laurdag i månaden i 9 månadar
  • Credokyrkja i Bergen er medarrangør og er vertskap for Revival School i Noreg.

---

I bøn på badet

– Heilage ande, må du vise kva som er det riktige.

Medan det framleis er møte i salen, står Liv-Reidun Hansen inne på toalettet og ber. Her har Vårt Land komme i prat med henne og spurt om ho vil la seg intervjue. For ho er det viktig å gjere det som Jesus vil.

Ho brukar tid i bøn for å kjenne om dette er riktig, og det ender med eit ja.

Revival School i Credo 30. november.

– Eg høyrer at det er mykje av det som forkynnast her som er bibelnært. Det er sentrale, viktige ting.

– Slik som dette med overgjeving, omvending, heilaggjering og det med å verkeleg elske Gud.

Til vanleg går Liv-Reidun i Bethel, ei anna kyrkje i Bergen.

– Her er det samla folk frå mange forskjellige kyrkjer og det gler eg meg over. Dei yngste er nyfødde og dei eldste er jo veldig gamle.

Offensiv, ung generasjon

Pastor Rønhovde fortel om at dei ser ein vekst blant unge i både Credo og andre kristne miljø.

– Eg trur generasjonen som veks opp no, er ein frimodig generasjon.

Revival School

Han skildrar den nye generasjonen fram som annleis og meir offensiv.

– Dei har ikkje dei same sperrene som eg hadde då eg vaks opp, dei er på sosiale medium og dei er synlege overalt.

Dette har også ung vaksen-pastor Lars Martin Lindland (29) merka. Han fortel at dei siste åra har dei sett fleire tital med unge komme til tru i kyrkja.

– Det verkar som at folk er ute etter sanning, noko som er ekte, noko som er grunnfast, ikkje berre ting som flyt rundt forbi, men noko som er liv i.

Revival School i Credo 30. november.

Han fortel at han ser ein større svolt etter Jesus blant dei unge, og fortel at han trur mange av dei som kjem til Credo kjem fordi dei merkar at Credo kjem med noko ekte.

– Det er ikkje sånn at ein berre snakkar om læking, ein ser det, fortel han og fortel at to stykk har blitt lækt same dag.

Lindland fortel at det er meir enn berre prat, han meiner det er ekte og trur at ein no går ei vekking i møte.

– Det er mykje i media som går mot Bibelen sine prinsipp. Og det kjem alltid til eit punkt der dei kristne anten må bøye seg eller stå opp. Og no har ein kommen til det punktet der ein seier at no er det nok.

Revival School i Credo 30. november.

– Visste eg måtte vere der

Ein anna av gjestetalarane som har teke turen er Elena Posarelli. På skjermen bak ho er eit kart over Noreg.

– Lat oss starte med å be for landet dykkar, seier ho og oppfordrar til å be fritt.

I salen står folk med løfta hender og ber med høg røyst. Fleire talar i tunger.

Etter dei har bedt, ber ho forsamlinga trekke framover og rive seg laus. Medan lovsongsteamet spelar og Posarelli oppfordrar til bøn og tilbeding, står fleire titals ungdom framme ved scena og dansar til lovsong.

Blant desse er Mathias Edvardsen (23) og David Wroldsen (22).

– Då eg høyrde om dette som skulle skje, visste eg at eg måtte vere der, for det kan vere me då starte ein brann i hjartene våre og sette ein ny standard for kristenlivet, fortel David.

Mathias nikkar og fortel at han trur at det er noko som skjer blant unge om dagen.

Revival School i Credo 30. november.

– Då eg har vore på ungdomsmøte og ungdomsfestivalar merkar eg at ungdom er veldig mykje meir opne for det som vert forkynt.

Han legg til at i det ligg det eit stort ansvar.

– Når ein då kjem som litt eldre, så kan ein ha veldig mykje autoritet og det skal ein ha respekt for.

Men han fortel at når dei trur dei kjem med dei gode nyheita og evangeliet om Jesus Kristus så kan ein også forkynne det med frimot.

– Om ikkje kjem dei til å ta i mot det som samfunnet elles tilbyr dei, og det er ikkje livgivande i det heile, legg han til.

Revival School i Credo 30. november.

På konferansen har fleire nemnd at dei unge er svoltne etter ordet og Jesus.

Er de svoltne?

Ja, enkelt og greitt. Vi vil ha meir, fortel David.

Legg hendene på dei sjuke

På ei tavle bak i lokalet står det skrive «kva er ditt vitnesbyrd?». Tavla er fylt med mange ulike handskrifter og svar, fleire av dei takkar for læking og bønesvar.

– Ei kraftlaus kyrkje trur vi ikkje har den same evna til å endre eit samfunn.

Pastoren fortel at ein del av undervisninga på Revival School handlar om å finne tilbake til korleis kyrkja starta og korleis disiplane gjorde det i starten. Han nemner at det er fokus på spesielt to ting.

– Dei vart fylt av Den heilage ande og talte i nye tunger og fekk kraft til å vere vitne. Og så bad dei for dei sjuke.

Revival School i Credo 30. november.

Dette er også noko Credokyrkja har vald å fokusere mykje på og Rønhovde fortel at dei stadig høyrer om læking i kyrkja.

– Desse tinga må vi sjå som ein del av den kristne kvardagen i dag. Eg trur ikkje vi kan gjere det på ein anna måte i dag enn slik det starta.

Han meiner det er viktig å spørje seg om kyrkja speglar seg i apostelgjerningane eller ikkje. Om den ikkje gjer det, må dei arbeide for å komme tilbake til det utgangspunktet.

– Så denne skulen prøvar dra kyrkja tilbake til urkyrkja?

– Ja. Og så vil teikn og under sjå likt ut, men rammene har jo endra seg sida den tida.

Revival School i Credo 30. november.

Mirakel og læking

Etter ein god pause etter eit fullpakka program med taler og tilbeding står igjen Dario Scuoppo på scenen. I salen står publikum og klappar og jublar.

– Gi det til Jesus!

Han ropar ut mot salen med stort engasjement og salen svarar.

– Halleluja! ropar Scuoppo.

Revival School i Credo 30. november.

Etter å ha talt til ei kjensleladd forsamling vert Olav Rønhovde og dei andre pastorane og evangelistane invitert opp på scena.

Det er tid for å be om læking. Dette er noko Olav Rønhovde opplever at dei skal fokusere på i Credokyrkja.

Etter kvart kjem ein og ein deltakar fram mot scena. Snart er det like mange framme som i stolradene. Litt spreidd står dei rundt omkring og legg hendene på kvarandre og ber.

Ein ung gut hulkar medan han takkar Jesus for læking, ei anna går opp på scena.

Kva når det ikkje skjer læking?

– Nokon gongar er vi meir oppteken av kvifor det ikkje skjer, enn at det skjer, seier Rønhovde.

– Skal vi då ikkje be for sjuke fordi ikkje alle vert lækt? Det vert det same som å seie at vi ikkje skal forkynne evangeliet fordi ikkje alle vert frelst.

Revival School i Credo 30. november.