– Eg er litt stressa for kysset ved alteret, det skal eg vere heilt ærleg på.
Ramona Monslaup (22) sit tett inntil kjærasten Lucas Boström (22) i sofaen i stova i Lagshuset i Bergen, der Lucas bur.
– Det vert litt skummelt, seier ho og ler litt når ho fortel om situasjonen på alteret.
I februar skal dei gifte seg, men deira første kyss vil skje framføre publikum.
Sola kikkar beskjedent inn i stova i Lagshuset. Ved sida av Lucas ligg bibelen hans, ein svensk bibel, han er nemleg frå Finland. Sidene er fargerik med markeringar og notat.
«Sök inte din hustru med sexuell drivkraft» står det notert med blå kulepenn over 1. Tessalonikar 4,4 der det står at ein skal vinne si eiga kone i heilagdom og ære.
Paret ynskjer ikkje å ha sex før ekteskapet, og vil ikkje at det fysiske skal vere fokuset i forholdet deira. Dei gjer det dei kan for å hindre tankane å gå den vegen.
– Det er sikkert fleire gongar ein hadde klart å la vere, men så er det mange gongar at det er litt seint på kvelden og så går det vidare og vidare.
Lucas ser ned på Bibelen sin. Han siterer Bergpreika.
– Om du ser på ei kvinne med begjær, så har du allereie brote ekteskapet.
For å unngå at tankane skal gå denne vegen, let dei vere å kysse.
Ikkje lovisk
– Vi har Bibelen som høgste autoritet og vi ynskjer å gjere som Jesus sa, at ein ikkje skulle verken fysisk eller i tankane sjå på ei kvinne med begjær før ein er gift.
Lucas fortel at det ikkje alltid er lett å forstå det som står i Bibelen, eller kvifor det som står der står, men at han trur at Bibelen og Gud er god. Difor vel han å følgje det.
– Men om ein ikkje har det som grunnlag, så er det ikkje vits.
Han meiner det vert feil å sjå på det som står i Bibelen som eit sett med reglar og lover. Då blir det veldig «lovisk», meiner han, og forklarar at ein bør heller sjå på det som noko godt frå Gud.
– Ja, å vente med å kysse kan jo verke litt lovisk. Men de meiner det ikkje er det?
– Nei, ikkje for oss.
Ramona retter seg litt opp.
– Eg trur grensa kan gå på mange forskjellige stader for forskjellige folk.
Dei har vald å setje grensa ved kyssing fordi det er konkret og lett å halde. Men dei meiner ikkje at det er synd å kysse.
– Vi går ikkje rundt og tenkjer at om du ikkje gjer dette, så lever du i synd.
– Nei, ikkje i det heile, seier Lucas engasjert.
I starten av forholdet, var dei ikkje like sikker på at dette skulle vere grensa.
Knotete start
Det unge paret vart kjend då dei begge var traineear i Laget for halvtanna år sidan. Ramona var i Bergen og Lucas i Oslo, men dei treftest jamleg på leirar. Her starta kjenslene å blome hjå Ramona.
– Eg var forelska i han halvvegs i det året, men det visste ikkje han.
Lucas var ikkje på leit etter nokon på den tida, men ville fokusere på eigen vekst.
– Så flytta eg til Bergen, ikkje fordi ho var her, sjølv om det hadde vore kult om det var grunnen, seier Lucas og ler.
Når dei to venene no var i same by, enda dei ofte opp i same settingar.
Ramona skildrar Lucas som interessert og nysgjerrig, og fortel at dette kan jenter ofte oppfatte feil.
– Han tok det han kallar «Lucas-samtalen», fortel Ramona og ler. Ein samtale han har teke med fleire jenter.
– Offameg, svarar Lucas litt flau.
Han fortalde til Ramona at han kan verke veldig interessert, men at dette ikkje var tilfelle, det er berre slik personlegdommen hans er.
Ho visste at Lucas var ein ærleg person, og at ho truleg hadde visst om han då var interessert. Likevel hadde ho håpa på at kjenslene var gjensidige.
Tok ein u-sving
Ramona prøvde å verte kvitt kjenslene, men det var ikkje enkelt, så dei bestemte seg for å ta ein pause frå kvarandre denne hausten.
Men medan Ramona prøvde å verte kvitt sommarfuglane, dukka dei opp hjå Lucas.
– Men så kom eg til nyttår og då var eg klar for å finne ut om det kunne funke, fortel Lucas.
Ei melding tikka inn på mobilen til Ramona eitt minutt over midnatt på nyttårsaftan.
«Hei, eg gler meg til me sjåast igjen!»
– Hæ, kva skjer? tenkte Ramona.
– Eg hadde jo tenkt at denne fyren skulle eg gløyme.
Men Lucas hadde skrive ned fleire tusen ord med tankar. No var han klar for å teste dette.
Venta på at han skulle kysse
– Før vi drog på første date, så sa han «Berre så du veit det, så har eg vurdert å ikkje kysse før ekteskapet», fortel Ramona.
Men grensa var ikkje sett endå, og når dei data så venta Ramona i spenning.
– Eg tenkte liksom «no ser han mykje på meg, no kjem han til å kysse meg».
Ni dagar etter første date, var dei på andre date.
Og denne dagen bestemte dei seg for å verte saman. Men utan noko kyss.
– Lova til Gud at vi ikkje skulle kysse
Då dei vart saman, tok eit venepar med litt meir erfaring kontakt med dei.
– Dei spurte om vi ville ha ein prat om forhold og grensesetting.
– Eg trur vi til og med lovde til Gud at vi ikkje skulle kysse før ekteskapet
— Lucas Bostöm
Dette paret hadde sett grensa om å ikkje kysse halvvegs i forholdet.
– Dei sa at det ikkje var sunt for dei å kysse i forholdet, så dei ville sette den grensa til ekteskapet. Og då snakka dei om kor viktig og fint det hadde vore for dei.
Etter denne samtalen bestemte dei seg for at den grensa ville dei også ha.
– Ja, eg trur vi til og med lovde til Gud at vi ikkje skulle kysse før ekteskapet, fortel Lucas.
– Kvifor vil de vente med det?
Lucas tek ein pause.
– Ein forbind det veldig med sex, og det er som eit førespel.
– I alle fall klining då, legg Ramona til.
– Det måtte ha vore ein veldig spesiell setting om eg skulle ha sagt dette frå ein talarstol.
— Lucas Boström
Eit forhold til Guds ære
– Ofte så er spørsmålet «kor går grensa» eller «kor langt kan ein gå»?
Ramona fortel at ho meiner ein må ha eit anna fokus.
– Ein kan heller ha fokuset på korleis ein bør leve for at forholdet er til Guds ære, heller enn å fokusere på kor langt ein kan gå før det ikkje er til Guds ære.
Han fortel at det er litt spesielt å ta dette valet, og at det ikkje er noko han går og fortel at andre også må gjere.
– Det måtte ha vore ein veldig spesiell setting om eg skulle ha sagt dette frå ein talarstol.
Men å vente med sex til ekteskapet, snakkar han lettare om.
Dedikerte kristne
Blant unge kristne som set Bibelen som ein høg autoritet i livet sitt, går haldningar til sambuarskap igjen. Dette er ofte knytt til at fleire meiner at sex og andre intime handlingar høyrer innanfor ekteskapet.
Denne gruppa unge kristne har Roald Zeiffert forska på i si doktorgradsavhandling. Gjennom intervju og spørjeundersøkingar har han kartlagt haldningane til unge kristne i konservative miljø.
– Det eg finn er at majoriteten meiner at sambuarskap er problematisk, fortel Zeiffert.
Han har delt dei unge kristne i desse miljøa inn i tre grupper; dedikerte, frustrerte og distanserte. Alle er aktive kristne, men han finn ulike haldningar i dei tre gruppene. Dette heng saman med kor høg autoritet Bibelen har i livet og i forhold til korleis dei lever livet sitt. Dei dedikerte set bibelen som høg autoritet og prøver å følgje det som står der, slik som Lucas og Ramona.
Vi er veldig fan av å ikkje vere forlova superlenge.
— Ramona Monslaup
Fleire av informantane bur i kristne kollektiv, slik som Lucas som bur i Lagskollektivet i Bergen.
– Dedikert-gruppa har vore i vekst dei siste åra, det har skjedd noko, og den har blitt meir synleg, seier Zeiffert. Han forklarar at i denne gruppa er det fleire som meiner at sambuarskap er svært problematisk.
Eit gjerde som held uaktuelle menn unna
– Kvifor skal sex vere innanfor ekteskapet?
– Det er eit gøy spørsmål, seier Lucas og ler litt medan han ser bort på Ramona.
– Køyr på, svarar ho.
– Eller kan ikkje du sei det vi snakka om i sta?
Ramona tenkjer litt.
– Ja, eg trur at på mange måtar så er det Gud sitt vern for meg.
Ho forklarar at heller enn å vere eit gjerde som stengjer ho inne, så er det eit gjerde som held uaktuelle menn unna.
– Når eg har ei slik grense, så veit eg også at Lucas ikkje er ute etter noko anna enn heile meg.
Lucas nikkar og fortel at forholdet deira er bygd på eit anna grunnlag enn berre det fysiske. Han meiner det er bra å stå i mot freistinga.
– Eg vil sei det er ekte manndom å ikkje følgje lystene sine heile tida. Eg vil sei at det er ei kul dyd å kunne styre seg.
– No er jo de forlova, og når ein veit at det vert dykk, kva er problemet då?
– Eg tenkjer at heilt fram til ein har inngått eit ekteskap framfor Gud, så har ikkje Gud gjeve meg Lucas endå.
Lucas er einig, men fortel at det ikkje alltid er like lett.
– Eg skjønar veldig godt kor den tankegangen kjem frå, det er jo ikkje slik at eg aldri har tenkt den tanken.
Eit anna grunnlag
– Vi er også veldig fan av å ikkje vere forlova superlenge, fordi det er vanskeleg å halde det når ein er forlova.
Allereie då dei vart saman, ville dei satse på at det skulle verte dei to. Begge meiner at dei har eit godt grunnlag for å gifte seg.
– Eg trur at ein grunn til at vi kan gifte oss raskt, er fordi vi ikkje har hatt sex.
Lucas fortel at dei har vore flinke til å snakke om mange djupe ting og har brukt tid på å finne ut om dei er ein god match når det kjem til verdiar.
– Eg trur vi stolar verkeleg på kvarandre. No kan dei høyrast absurd og naivt ut fordi vi berre har vore saman eit år, men vi kjem ikkje til å skilje oss.
Dei gjev kvarandre ein high-five.
– Er det så langt de kan gå?
Begge ler medan Lucas lener seg mot Ramona og gjev ho eit kyss på kinnet.
– Eit kyss på kinnet, det går bra, seier han.
– Ja, det gjer vi ganske mykje. Eller du gjer det ganske mykje, seier Ramona og ler.
Gler seg til ekteskap
Sola skin inn i stova og paret sit og held litt rundt kvarandre.
– Men når de giftar dykk, då har de jo ingen øving, kva tenkjer de då?
– Hjeeelp!
Lucas smiler lurt.
– Neida. Eg tenkjer det finst ganske mykje instinkt programmert i oss menneske.
Han fortel at dei har eit utgangspunkt der dei ynskjer det beste for kvarandre.
– Ja, vi har jo ei livstid på å finne ut av det, så det kjem nok til å gå fint.
– Kva om sexen er dårleg?
– Kanskje vert det sjukt kleint første gong, men så ordnar det seg, seier Ramona.
Lucas er meir sjølvsikker i svaret.
– Eg trur ikkje det vert noko problem.
– Om ein har øvd seg på god kommunikasjon og kjenner kvarandre godt emosjonelt på alle plan og ein veit at ein er elska uansett, så trur eg det er veldig god medisin.
Men fram til februar må dei nøye seg med kyss på kinnet.
– Får de nokon gong lyst å kysse?
– Jajaja, eg er jo eit menneske, eg er jo ein mann. Eg får jo av og til lyst å gjere meir enn å kysse, men det har vi sagt til Gud at vi ikkje skal gjere.