Kyrkjeasylant Suel Kassembo tør ikkje møte i si eiga rettssak som startar i lagmannsretten 9. oktober, ifylgje ei pressemelding som støttegruppa Rettferd for Suel har sendt ut.
Vårt Land har tidlegare skrive om Kassembo som sidan nyttår har sete i kyrkjeasyl i Herøy kyrkje. Etter 19 år i Noreg avgjorde nemleg Oslo tingrett at 35-åringen skulle sendast ut av landet og tilbake til heimlandet Burundi.
Advokat Arild Humlen som skal føre Suel si sak meiner flyktningkonvensjonen sikrar Suel immunitet slik at han ikkje kan sendast ut, og har bedt staten om ein garanti om at han ikkje skal bli pågripen og send ut av landet så lenge saka held på.
Men ein slik garanti har han så langt ikkje fått. Dermed står Suel i fare for å bli pågripen og send ut av landet om han møter opp i si eiga rettssak.

Meiner vedtak ikkje gjeld
Advokaten meiner Suel har fått feil behandling heilt frå starten.
Vårt Land har tidlegare skrive at Kassembo fekk ikkje innvilga asyl då han i 2004 kom som blindpassasjer med eit skip til Noreg, då styresmaktene tvilte på at han kom frå Burundi.
Likevel kunne dei ikkje sende han tilbake, sidan dei ikkje kunne dokumentere kva land han er frå. Dermed har han vore rekna som ein ureturnerbar flyktning.
Tidlegare i år la Kassembo fram dokumentasjon frå Burundi si ambassade i Berlin som skulle vise at han er frå Burundi. Kassembo skal no bli sendt til Burundi, trass i at Utlendingsnemnda framleis meiner at dokumentasjonen ikkje er påliteleg nok til å slå fast at han er frå Burundi.
– Sidan UNE i avgjerda seier at dei ikkje vil ta endeleg stilling til sakas faktiske side, har dei allereie innrømt at vedtaket frå 2007 ikkje gjeld, fordi der tok dei (uriktig) stilling til sakas faktum og avviste Kassembo si forklaring, seier Humlen i pressemeldinga.
Kan bli aktuelt å hente han ut med makt
I april i fjor oppheva justisminister Emilie Enger Mehl instruksane og retningslinjene som i 30 år har hindra politiet i å gå inn i kyrkjer for å hente ut kyrkjeasylantar med makt.
Politimeister Ingar Bøen i Møre og Romsdal politidistrikt har tidlegare sagt til Vårt Land at «det kan bli aktuelt å gå inn i kyrkja etter kvart».
Tidlegare har både biskop i Møre, Ingeborg Midttømme, generalsekretær i Noregs Kristne Råd, Erhard Hermansen og soknepresten i Herøy, Solfrid Leinebø Seljås uttrykt si støtte til Kassembo.