Har du fått med deg at dei heite kjærleiksorda har snike seg inn i salmeboka vår? Det rett og slett elskar eg!
Vi lever i ei tid der vi heldigvis er mykje betre på å uttrykka kjærleiken med ord enn det vi var i gamle dagar. Det er bra, det! Det har kanskje vore ei bratt læringskurve for enkelte av oss, men vi kan kanskje finna trøyst i at dette dreiv folk med i riktig gamle dagar også, altså i gamaltestamentleg tid, ikkje minst i den saftige Høgsongen.
Kjærleiken som er så viktig for oss alle, var sjeldan tema i salmesongen på bedehuset då eg var ung. Men denne kjærleiken er då verkeleg også gitt oss av Gud og verkeleg verd både ein høgsong og ein lovsong
Dagens bibelord er eit av dei bibelorda brurepar gjerne vil ha i vigsel, og det er veldig flott! For kjærleik, ekte kjærleik, mellom to som elskar kvarandre, er ei utruleg sterk kraft. Om vi skal seia det litt svulstig, er det jo på mange vis det vi lever for, det vi lengtar etter, og det vi håpar å finna. Diverre er det ikkje alle som lykkast, og det er heller ikkje alt vi lykkast med. Men når det verkeleg skjer, er det ei sterk oppleving, livsforvandlande og lidenskapleg. Difor er eg veldig glad for at fleire salmar uttrykker også dette aspektet ved livet, og at det er fleire enn Bjørn Eidsvåg som dei siste åra har skjønt at det er innafor å synga om den fysiske kjærleiken også i kyrkja.
Eg er veldig glad i salmen «No stig vår song», og eg meiner det er ein salme som passar i dei fleste samanhengar, til og med i gravferd. For ikkje så reint sjeldan er det takksemd som er overskrift når vi tar farvel med den vi er glad i, den vi har elska. Og der høyrer, takk til Edvard Hoem, også dei heite kjærleiksorda med. Kjærleiken som er så viktig for oss alle, var sjeldan tema i salmesongen på bedehuset då eg var ung. Men denne kjærleiken er då verkeleg også gitt oss av Gud og verkeleg verd både ein høgsong og ein lovsong. I det heile tatt er det vakkert å synga om relasjonar og kva dei betyr for oss. Tenk på Erik Byes «Blå salme», som også er ein slags tilbakeskodande takkesalme, der det lyriske eg takkar for både «lyse døgn og barneskritt i tunet» og «dine gode kjærtegn mot mitt kinn».
Det vi har saman, gjer oss i stor grad til dei vi er, og dei av oss som har fått oppleva kjærleiken til og frå eit anna menneske, har mykje å takka for. For kjærleiken kan ikkje kjøpast, minner Høgsongen oss om, slik også Arne Garborg gjorde: «Ein kan kjøpa seg lærdom, men ikkje vit, stas, men ikkje venleik, glans, men ikkje hyggje, moro, men ikkje glede, kameratar, men ikkje venskap».
Det er heldigvis ikkje alt som let seg kjøpa for pengar, sjølv ikkje i 2024. Noko kan vi berre oppleva ved å vera til stades, kikka opp frå mobilskjermen og inn i eit anna andlet og ta imot dei gode gåvene vi kan få frå kvarandre. Kjærleik er ein av dei. God helg!
---
Høgsongen 8,6-7
Set meg som eit segl på hjartet ditt, eit stempel på armen din! For kjærleiken er sterk som døden, lidenskapen ubøyeleg som dødsriket. Han brenn som logande eld, ein Herrens loge. Veldige vatn sløkkjer ikkje kjærleiken, elvar skyl han ikkje bort. Om nokon gjev alt han eig for å kjøpa kjærleik, blir han berre til lått.
---