Guds nærvær i verda har mange namn og ulike uttrykk. I dagens bibelord blir vi kjend med eit av dei vakraste namna: livsens kjelde. Gud er verkeleg livsens kjelde. Gud har skapt verda, alt som er i den, Gud har skapt oss og Gud har skapt kjærleiken oss imellom.
Vatn er eit bilete på liv, på det som lever, det som kan veksa og utvikla seg. Vatnet har kraft i seg til å finna nye vegar i liv og landskap, kraft i seg til å få ulike vekstar til å gro og kraft i seg til å forvandla. Vatnet kan ha ei voldsom kraft og også ei øydeleggande kraft. Men mest av alt forbind eg vatn med liv. Og kjelda for dette livet, sett i ein kristen kontekst, det er døypefonten.
Dagens bibelord minner oss om kor vi kjem frå, kor vi høyrer til, og kor vi skal
Vatnet i døypefonten minner oss om at vi gjennom dåpens reinsande bad er reist opp til eit nytt liv ved og med Jesus Kristus. Det er noko av det eg seier oftast til konfirmantane mine: De er reist opp til eit nytt liv, så gå derfor oppreist gjennom livet.
Vi treng faktisk å minna kvarandre på at vi kan leva som oppreiste menneske, også i 2024. Vi lever i eit land som legg godt til rette for stor personleg fridom, til positiv sjølvrealisering, utvikling og utdanning og til å leva gode liv. Likevel er vi, anten vi vil det eller ikkje, i ganske mange samanhengar omgitt av det motsette: Mangt og mykje som vil riva oss ned. Vi er gode på i all for stor grad å samanlikna oss med andre, bli deppa av alt det som andre får til og til å vurdera oss sjølve som små og utan betydning (når vi er på det mest negative).
Dagens bibelord minner oss om kor vi kjem frå, kor vi høyrer til, og kor vi skal. Det minner oss om at det er lys der vi går, det er liv og kjærleik og overflod, det er ly og skugge å gøyma seg i, det er gledebekk og gode ting! Vi har akkurat feira konfirmasjon, og ein del av liturgien vi bruker, lyder slik: «I dåpen frelste Gud oss ut av mørkets makt og gav oss rett til å være lysets barn. Vi ble tegnet med korsets tegn og kalt til å følge Kristus og leve vårt liv i samfunn med ham».
Eg liker dei litt høgtidelege formuleringane vi av og til omgjev oss med i Den norske kyrkja. Dei store orda hjelper oss til nettopp å sjå det storslagne ved livet: Vårt liv blir levd i ein større samanheng der dei store orda er meir enn berre ord, men fylt av ei meining som knapt er til å fatta. Det trengst litt store ord av og til. For livet er stort, og alt dette store er vi ein del av!
---
Salmane 36,8-10
Kor verdfull din kjærleik er, Gud! I skuggen av dine venger søkjer menneskeborna ly. Dei får nyta overfloda i ditt hus, du lèt dei drikka av gledebekken din. For hos deg er livsens kjelde, i ditt lys ser vi lys.
---