Livsens kjelde

ANDAKT: Vi treng faktisk å minna kvarandre på at vi kan leva som oppreiste menneske, også i 2024.

Marita Bjørke Ådland skriv andakter i Vårt Land denne veka.
Publisert Sist oppdatert

Guds nærvær i verda har mange namn og ulike uttrykk. I dagens bibelord blir vi kjend med eit av dei vakraste namna: livsens kjelde. Gud er verkeleg livsens kjelde. Gud har skapt verda, alt som er i den, Gud har skapt oss og Gud har skapt kjærleiken oss imellom.

Vatn er eit bilete på liv, på det som lever, det som kan veksa og utvikla seg. Vatnet har kraft i seg til å finna nye vegar i liv og landskap, kraft i seg til å få ulike vekstar til å gro og kraft i seg til å forvandla. Vatnet kan ha ei voldsom kraft og også ei øydeleggande kraft. Men mest av alt forbind eg vatn med liv. Og kjelda for dette livet, sett i ein kristen kontekst, det er døypefonten.

Vatnet i døypefonten minner oss om at vi gjennom dåpens reinsande bad er reist opp til eit nytt liv ved og med Jesus Kristus. Det er noko av det eg seier oftast til konfirmantane mine: De er reist opp til eit nytt liv, så gå derfor oppreist gjennom livet.

Powered by Labrador CMS