Det finst mange typar kjærleik, og denne veka handlar alle dagens bibelord på eit eller anna vis om kjærleik. I dag møter vi David, Saul og Jonatan i eit svært kort tekstutdrag som ikkje gir så god meining utan at ein kjenner litt til historia bak og relasjonane desse menneska imellom.
David har akkurat imponert Saul gjennom kampen mot Goliat, og Saul bestemmer seg for å ta til seg denne modige og sjølvsikre unge mannen som set si lit både til eigen styrke og til Guds rettleiing. Jonatan er Sauls son og blir Davids gode ven og, slik det framstår i forteljinga, ein slags bror. Han fekk David så kjær «som sitt eige liv». Det er ganske rørande.
Kjærleikens kraft er ei gåve vi har fått av Gud
På vårt beste gir vi menneske kvarandre det beste vi er, og har. Kjærleiken oss menneske imellom kan vera så utruleg sterk. Då snakkar eg ikkje om forelsking eller flyktige kjensler, men den kjærleiken som vever oss saman med kvarandre. Inge Lønning sa det ein gong slik: «Det som gjør meg til den jeg er, er alt jeg har fått, og får, gratis. Kjærlighet i alle fasetter av ordet. Det er jo den aller største gaven: Mennesker som er villige til å veve sitt liv inn i mitt».
David, Saul og Jonatans liv blei vevd saman av kjærleik. Og resten er historie, som det heiter. Og for ein historie det vart. Men det er ei anna soge. I dag, på denne torsdagen i oktober skal vi nøya oss med å minna kvarandre om det potensialet som ligg i kjærleiken oss menneske imellom. Den som gjer at vi er villige til å ofra noko for andre. Den som gjer at vi går ei mil ekstra, at vi gir nokon kappa vår, eller som Jonatan: både kappa og sverdet, bogen og beltet. Det vi kan gi kvarandre, har kraft i seg til å endra både oss sjølve og verda.
Kjærleikens kraft er ei gåve vi har fått av Gud. I dag blir vi minna om at også vi er vevd saman med kvarandre, på godt, og av og til på vondt. Heldige er vi om vi kan seia at i den veven som livet vårt er, er det kjærleiken som er renninga. Den vi deler med kvarandre, og den vi får av Gud.
---
1. Samuelsbok 18,1-4
Då David hadde snakka med Saul, vart Jonatan nær knytt til David og fekk han så kjær som sitt eige liv. Same dagen tok Saul David til seg og lét han ikkje meir få venda attende til heimen sin. Og Jonatan gjorde ei pakt med David fordi han hadde fått han så kjær som sitt eige liv. Han tok av seg kappa og gav henne til David saman med stridskleda og sverdet, bogen og beltet.
---