Ettertanke

Alt?

ANDAKT: Heldigvis handlar ikkje denne teksten om vår menneskelege og, akk så ofte skjøre, kjærleik.

Dagens bibelord frå 1. korintarbrev kapittel 13 er kanskje ein av dei mest brukte tekstane i vigsel. Det er ein veldig fint tekst om kjærleiken som eg er veldig glad i. Likevel kan eg kjenna at eg nesten blir litt andpusten når eg les denne teksten. For det er fort gjort å blanda korta her.

Mange av oss har erfart at kjærleiken slett ikkje toler alt. I alle fall ikkje den menneskelege kjærleiken. Difor meiner eg at desse orda må kommenterast når dei blir brukt som tekst i vigsel. Sjølv er eg verken særleg tolmodig, slett ikkje alltid velvillig, det hender til og meg at eg er misunneleg. Slik sett stryk eg på fleire av punkta i ein ekteskapleg samanheng og i alle andre samanhengar.

Mange av oss har erfart at kjærleiken slett ikkje toler alt. I alle fall ikkje den menneskelege kjærleiken

Men heldigvis handlar ikkje denne teksten om vår menneskelege og, akk så ofte skjøre, kjærleik. Rett nok vil eg seia at kjærleiken oss menneske i mellom er eit glimt av den store kjærleiken, den vi i vårt jordiske liv kanskje anar meir enn erfarer, eller for å seia det med forfattaren sjølv: noko vi ser i spegel og gåter. På vårt beste kan vi verkeleg ana det storslagne ved Guds kjærleik når vi ser korleis vi elskar kvarandre. Men så veit vi at vi også evnar å øydelegga kvarandre, svika, krenkja og søkja vårt eige meir enn det som er fellesskapets beste. Difor vil eg helst ikkje legga desse kjærleiksideala på brureparet, sjølv om det er fint med ideal å strekka seg etter. Men eg vil heller minna brureparet, og oss alle, på at den kjærleiken som verkeleg held ut alt, trur alt, håpar alt og toler alt; det er Guds kjærleik til oss menneske. Og det største beviset på det er at Gud sende sin eigen son til jorda for å retta opp att alt vi har øydelagt, ikkje berre i vårt forhold til Gud, men også i vårt forhold til våre medmenneske.

Dagens bibelord fortel meg mest av alt at Gud er ein nådig Gud som gir oss skrale, skjøre og upålitelege menneske del i kjærleiken med stor K; den som toler alt, og som alltid står der som ein kjærleg far som ventar på sin bortkomne son, eller på sonen som faktisk kom heim att, som likninga hjå Lukas no heldigvis har som overskrift. Som menneske har vi ein heim i Guds store kjærleik. Der er det alltid plass, tolmod, sanning, glede og håp. Der vil eg kvila, i alt.

---

1. Korintar 13,4-7

Kjærleiken er tolmodig, kjærleiken er velvillig, misunner ikkje, [kjærleiken] skryter ikkje, er ikkje hovmodig. Kjærleiken krenkjer ikkje, søkjer ikkje sitt eige, er ikkje oppfarande, gøymer ikkje på det vonde. Han gleder seg ikkje ved urett, men gleder seg ved sanninga. Alt held han ut, alt trur han, alt vonar han, alt toler han.

---

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Ettertanke