Ettertanke

Godleik og truskap

ANDAKT: «Ingen har varda den vegen du skal gå», seier Olav H. Hauge i eit dikt. Der er eg usamd med Hauge. Nokon har varda den vegen.

Vi ynskjer alle å læra borna vore både godleik og truskap. Det trengs i ei verd som så ofte serverer oss det motsette; hat og usunn skepsis, krig og uro, enkle løysingar heller enn truskap og tillit.

Godleik og truskap trur eg først og fremst vi kan læra oss (og andre) gjennom korleis vi faktisk er. Handling talar ganske ofte høgare enn ord. Barn lærer gjennom det dei ser, og det vaksne gjer. Ein utviklar ikkje empati berre gjennom ord eller bokleg lærdom, men gjennom sjølv å ha erfart både godleiken og truskapen. Det høyrest kanskje strevsamt og slitsamt ut, men eg trur det er riktig.

Vi må visa verda og kvarandre at det er lov å gjera feil og begynna på nytt

Som foreldre eller lærarar eller åndelege leiarar i heim eller kyrkjelyd skal vi ikkje gå rundt og bli så perfekte at vi sjølv trur at vi er feilfrie. Historier frå mange kyrkjelyder har vist oss kor feil det kan gå.

Noko av det viktigaste både som foreldre og rettleiarar er at vi er ærlege med livet vårt, at vi kan stiga ned frå oss sjølv og innrømma våre svake sider, at vi er både gode og dårlege og heilt vanlege menneske. Vi må visa verda og kvarandre at det er lov å gjera feil og begynna på nytt. Vi må visa verda og kvarandre at truskap og godleik er verdiar vi strevar etter, men ikkje alltid får til.

Eit par vers lenger nede i det same kapitelet står følgjande: «Stol på Herren». Det er kanskje det viktigaste vi kan formidla til våre etterkommarar. For i vår verd, i våre liv og i våre fellesskap er det nemleg noko som alltid står fast: Gud er. Eg er så glad i salmen «O, bli hos meg» der vi syng «forandrings skygge følger tro min vei, o, du som ei forandres, bli hos meg.» Det er noko vi kan læra våre barn som meir enn nokon annan generasjon lever i «forandrings skygge», der ein trend er over etter 14 dagar og der det alltid er noko nytt å kjøpa, å oppdaga, å henga med på, å lytta til.

Det er noko som står støtt i livet, gjennom alle tider. Noko som held når alt anna vaklar. Noko som møter oss som ei open dør, ein veg å gå på, stabbesteinar å lena seg til. Det er fellesskapet, Guds ord, nattverdens sakrament, dåpens reinsande bad. «Ingen har varda den vegen du skal gå», seier Olav H. Hauge i eit dikt. Der er eg usamd med Hauge. Nokon har varda den vegen, nemleg Frelsaren sjølv, Jesus Kristus som kvar einaste dag møter oss med stabbesteinar av mot, nåde og håp for framtida. Det skal du skriva på di hjartetavle denne tysdagen!

---

Ordtaka 3,1-4

Son min, gløym ikkje mi rettleiing, ta vare på mine bod i hjartet! For dei vil gje deg mange år og eit langt liv og overflod av fred. Lat aldri godleik og truskap fara! Bind dei om halsen, skriv dei på hjartetavla! Då får Gud og menneske velvilje for deg og ser ditt gode vit.

---

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Ettertanke