Så vi skal skjøna kven han er

ANDAKT: Eg er glad for at vi er meir opne for andre måtar å tenka på. Og eg er slett ikkje imot gode råd frå kompetente folk. Men eg trur ikkje det er vegen til frelse.

I veke 40 skriv Marita Bjørke Ådland andakter i Vårt Land.
Publisert Sist oppdatert

Vi lever i ei verd der det kan vera utfordrande – men samstundes spanande – å navigera i det religiøse landskapet. Vi blir utfordra til openheit og nytenking heile tida, kanskje litt på godt og litt på vondt. Og ikkje nok med det, vi blir tuta øyrene fulle frå velmeinande, delvis sjølvutnemnde og slett ikkje alltid kompetente såkalla helseekspertar, søvnekspertar og treningsekspertar som skal visa oss vegen til det gode liv og gjera oss herleg frelst på kosthald, livsstil og trening. Er det rart vi går oss litt vill i livet av og til?

I dag hjelper forfattaren av hebrearbrevet oss på rett kjøl att, med nokre skikkelege bra ord. Han fortel oss nemleg om forskjellen på englane og Jesus. Det er ikkje noko gale med englar, men det er altså ein forskjell på englane og Jesus, i vesen, i status og funksjon. Englane, seier forfattaren, er ånder som tener Gud og blir sendt ut for å hjelpa menneske. Det er godt oppsummert, synest eg, og eg trur det samanfattar mykje av det forholdet mange har til englar.

I innleiinga til heile hebrearbrevet blir det fastslått at Jesus er større enn englane. Og gjennom det som englane er, får vi eit innblikk også i kva Jesus er: Guds son, den som blir verande til alle tider, den som er den same til alle tider, ikkje den som hjelper til frelse, men som sjølv frelser. Jesus er frelsa. Vi blir minna om gode sanningar om Gud og Jesus i dagens bibelord. Av og til treng vi det.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP