– Det er mange teikn som peikar på at skjermavhengigheit har ein destruktiv verknad på menneske, på same måte som alkohol.
Det seier pastor i Oslo misjonskirke Betlehem, Erik Andreassen. Han meiner det er viktig at kyrkjer tenkjer gjennom bruken av sosiale medium, sjølv om han endå er usikker på om det er måtehald eller av avhald som er svaret.
– I kva grad bidreg me som kyrkje til å legitimere noko som openbert har utfordrande sider, har Andreassen og leiarskapet i Betlehem spurt seg.
Dei har landa på å logge kyrkjelyden av Instagram, og å redusere kor mykje dei publiserer på Facebook. Dei ynskjer ikkje å vera ein grunn til at folk må inn på sosiale medium oftare, eller at dei blir der lenger.
Eit protestskilt
– Mange brukar mykje tid på sosiale medium, trur du at de forsvinn derifrå, gjer at folk vil slutte med det?
– Nei, absolutt ikkje. Eg har lita tru på at Oslo misjonskyrkje bidreg til ein stor straum av menneske som loggar seg av sosiale medium. Det er meir at me sender eit lite signal, eller held opp eit protestskilt, om du vil.
– Er det ikkje viktig å vera der folk er?
– Jau. Det er dilemmaet. Og det er derfor me ikkje trekkjer oss heilt ut. Og eg lovar ikkje at dette er ein strategi som varer evig.
Andreassen seier ein kan argumentere for at sosiale medium er dagens torg, men at det er urovekkjande kor algoritmestyrt dei digitale plattformene er, og at folk tener pengar på å prøva å halde folk der lengst mogleg.
Fryktar ei lukka kyrkje
I kommentarfeltet på facebookprofilen til Andreassen blir valet kalla spanande og modig. Men andre uttrykkjer frykt for ei lukka kyrkje, og for at folk ikkje skal få med seg fellesskap og god bodskap.
– Det kan vera ein fare, vedkjenner pastoren.
Han seier dei i tida framover vil sjå korleis dei nye grepa slår ut.
– Eg har tillit til at Gud vil nå dei han treng å nå. Eg tenkjer at det går bra med Guds rike, og at det vil vekse, sjølv om me ikkje har mange bra reels.
Eit digitalt våpenhus
Andreassen påpeikar at dei vil halde fram med å ha opne gudstenester klokka 11 kvar sundag, og at ein ikkje treng å sjekke Facebook for å vita det.
I kyrkjelyden han er pastor for har dei også leika med tanken om å ha mobilfrie gudstenester, der folk legg att telefonane sine utanfor kyrkjesalen. Altså ein moderne versjon av å setje att våpenet i våpenhuset, før ein trer inn i kyrkja. Men høvet til å samle inn kollekt digitalt stoppar dei foreløpig.
Andreassen trur og håpar at andre kyrkjer står i nokon av dei same diskusjonane som Oslo misjonskirke Betlehem gjer, men han legg vekt på at éi løysing ikkje vil vera rett for alle typer kontekstar og kyrkjelydar. Dessutan meiner han at problemet er større enn som så:
– Tek-selskapa har lukkast i å hacke den menneskelege psyken. Det er ikkje ein kamp som kan vinnast av den enkelte kyrkja. Det er ikkje minst eit politisk spørsmål.
Pastoren er open for at det «kanskje er strategisk idiotisk» å kutte i bruken av sosiale medium, men er spent på vegen vidare. Kyrkjelyden har bestemt seg for å inntil vidare halde fram med å bruke Instagramkontoen til ungdomsarbeidet i kyrkja.